Hopp til hovudinnhald

På Digitaliseringskonferansen i august deler vi ut Digitaliseringsprisen 2022. No kan du foreslå din kandidat til prisen.

Olav Skarsbø leiar juryen for Digitaliseringsprisen 2022.

Veit du om eit knakande godt digitaliseringsprosjekt som fortener ein pris? Det er spørsmålet frå Olav Skarsbø som er juryleiar for Digitaliseringsprisen. Han og resten av juryen er no ute etter gode kandidatar til prisen, og kven som helst kan sende inn sitt forslag fram til fristen 29. april.

Digitaliseringsprisen har etter kvart ein lang tradisjon, og det har alltid vore stor interesse og spenning til kven som vinn prisen.

- Vi må ikkje gløyme å feire når det er god grunn til det, og denne prisen handlar om å gjere ære på dei som har lukkast best med å lage gode tenester til beste for brukarane og forvaltninga, seier Skarsbø.

For det ligg ei klar forventning frå regjeringa om at offentleg forvalting skal utnytte moglegheitene som digitalisering gir for å lage gode tenester. Prosjekt som bidrar til å realisere regjeringas digitaliseringsstrategi og visjon om éin digital offentleg sektor ligg ekstra godt an i konkurransen.

Kriteria

Kriteria som blir lagt til grunn i vurderinga av kandidatane er

  • at offentleg sektor er tenesteeigar
  • at prosjektet bidrar til å realisere regjeringas digitaliseringsstrategi
  • samarbeid på tvers av offentlege verksemder, sektorar og gjerne offentleg-privat sektor som bidrar til ein enklare digital kvardag
  • at brukaren er i sentrum
  • at den digitale løysinga eller tenesta er innovativ   
  • at deling og bruk av data skjer på ein god måte 
  • god bruk av nasjonale fellesløysingar
  • at prosjektet kan vise til klare gevinstar og/eller eit høgt gevinstpotensial

- Juryen kjem til å velja tre finalistar blant dei nominerte som så skal kjempe om prisen. Sjølve kåringa skjer på festmiddagen under Digitaliseringskonferansen 22. august, seier Skarsbø.

Dette er juryen

Årest jury består av leiar Olav Skarsbø frå Digdir, Liv Dingsør frå DigitalNorway, Kristin Weidemann Wieland frå KS, Marianne Hofseth-Olsen frå Den Norske Dataforening, Øystein Eriksen Søreide frå Abelia og Øyvind Husby frå IKT-Norge.

Digitaliseringsprisen er delt ut kvart år sidan 2015, med unntak av 2020. Vinnaren i fjor var Folkehelseinstituttet for MSIS labdatabase som har hatt avgjerende betydning i kampen mot pandemien.

Kontakt

Olav Skarsbø

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90993462