Tilsette ved ressurssenteret

Dei som arbeider ved senteret, har juridisk, teknologisk og samfunnsvitskapleg bakgrunn.

Portrett av Tone Bringedal

Tone Bringedal

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Tone har hatt ansvar for å etablere senteret, og har ei hand med i mange av senterets oppgåver. Tone har lang erfaring som medarbeidar og leiar og har arbeidd med fornying og digitalisering mange stader i offentleg sektor. Tone har jobba tett med utvikling av digitale tenester som norge.no i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, eResept i helsesektoren, og ID-porten i Difi. Tone har mellomfag i pedagogikk og bibliotekutdanning frå Høgskolen i Oslo og Universitetet i Trondheim.
Portrett av Astrid Solhaug

Astrid Solhaug

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Gir råd i konkrete saker, gjer vurderingar i skjeringspunktet mellom samfunnsvitskap og juss, arbeider med høyringar, politikkutforming og kontakt med interne, eksterne og internasjonale samarbeidspartnarar. Astrid har erfaring frå Justisdepartementet, Norges delegasjon til EU og EU-kommisjonen, med arbeidssete i Brussel. Ho har mellom anna vore justisråd og medverka i EU-forhandlingane om personvernforordninga (GDPR). Astrid er sosiolog med mastergrad i sosiologi frå Universitetet i Oslo. Ho har og eit grunnfag i juss. .
Portrett av Jens Andresen Osberg

Jens Andresen Osberg

Rådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Gir råd i konkrete saker, gjer juridiske vurderingar, arbeider med høyringar og fungerer som bindeledd i samtalar mellom juristar og teknologar. Jens er jurist og teknolog. Han har erfaring som programvareutviklar og har skrive masteroppgåve om innsyn i automatiserte avgjerder etter personvernforordninga. Jens er utdanna jurist med ein mastergrad i rettsvitskap frå Universitet i Oslo og ein bachelorgrad i programmering og systemarkitektur frå Universitet i Oslo.
Portrett av Rozemarijn van der Hilst Ytreland

Rozemarijn van der Hilst-Ytreland

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Gir råd i konkrete saker, gjer juridiske vurderingar, arbeider med høyringar og politikkutforming. Rose har erfaring frå Datatilsynet, KPMG og EOS-utvalets sekretariat. I tillegg har Rose jobba som forskar og ekspert i EU-finansierte teknologiutviklingsprosjekt. Rose er utdanna jurist med ein ph.d.-grad i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo og LL.M. (mastergrad) i rettsvitskap frå Universitetet i Utrecht, Nederland.
Heather Broomfield

Heather Broomfield

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Gir råd i konkrete saker, vil arbeide med høyringar og politikkutforming. Heather har erfaring frå offentleg og privat sektor, og også frå forskingsektoren. Ho har lang erfaring med juss og deling av data frå eit pådrivarperspektiv. Ho har arbeidd særleg med opne data, kunstig intelligens og datadriven forvalting og -økonomi. Heather tek no ein doktorgrad om korleis ein kan realisere datadriven forvalting på ein forsvarleg måte. I tillegg til å vere involvert i konkrete saker, vil forskningsfunna hennar bidra til kunnskapsgrunnlaget til ressurssenteret. Heather har (LLM) mastergrad i innovasjon, teknologi og juss frå universitetet i Edinburgh og ein bachelor-grad i offentleg administrasjon frå universitetet i Limerick. Ho held for tida på med sin doktorgrad i juss ved Universitet i Oslo.
Portrett av Siri Eriksen

Siri Eriksen

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Gir råd i konkrete saker, gjer juridiske vurderingar, arbeider med høyringar og politikkutforming. Siri har erfaring mellom anna frå Skatteetaten, der ho har arbeidd med fleire digitaliseringsprosjekt, høyringsarbeid og implementering av den nye personvernforordninga. Siri har også jobba ved senter for rettsinformatikk. Siri er utdanna jurist med ein mastergrad i rettsvitskap frå Universitet i Oslo. Ho har også ein cand.mag-grad med spesialisering i statsvitskap og mastergrad i kriminologi frå Universitet i Oslo.
Bilde av ansatt Maren Sophie Stefansen

Maren Sophie Stefansen

Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Gir råd i konkrete saker, gjer juridiske vurderingar, arbeider med høyringer og politikkutforming. Erfaring frå mellom anna Vegdirektoratet der ho jobba med digitaliseringsprosjekt og sjølvbetjeningsløysinger. Maren har arbeid mykkje med deling av data med offentlege og private aktørar. Ho har erfaring frå høyringsarbeid og implementering av personvernforordninga i Vegdirektoratet. Maren har og arbeida med personvern og digitalisering innan helseområdet i Oslo Kommune. Ho er utdanna jurist med ein mastergrad frå universitet i Oslo. I tillegg har ho ein bachelorgrad i statsvitenskap som er tatt i kombinasjon mellom Universitetet i Bergen og Oslo.