Tilhøvet mellom forvaltning og politikk i sosiale medium

Sosiale medium har aktualisert spørsmålet om kor ein skal trekke grensene mellom kva som er forvaltning, og kva som er politikk. Både forvaltningsorgana, politikarane og dei politiske partia er aktive i sosiale medium. Det er difor viktig å vere bevisst på kva slags innhald som høyrer til forvaltninga sitt ansvarsområde, og kva som høyrer til politikarane.

Innhald

    Tilhøvet mellom forvaltninga og politikarane i sosiale medium er relevant på fleire område:

    • Produksjon: Kven skal planlegge, produsere og velje innhaldet?
    • Distribusjon: Kva slags kanalar skal innhaldet delast i?
    • Oppfølging: Kven skal handtere responsen frå publikum?

    Dei etiske retningslinjene for statstenesta legg føringar for korleis ein bør opptre når ein er tilsett i staten. Dette gjeld også i sosiale medium.

    Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har fastsett retningslinjer om tilhøvet mellom politisk leiing og embetsverket. Dei inneheld sju plikter for embetsverket.

    Prinsipp

    Statsråden er både politisk og administrativt øvste leiar i eit departement. Eit departement kommuniserer alltid på vegner av statsråden. Statsråden har difor alltid siste ord når det gjeld spørsmål om kommunikasjon, i samsvar med linjeprinsippet.

    På same måte som fagavdelingane yter statsråden bistand innan sine fagområde, skal kommunikasjonseininga gi fagleg bistand til statsråden og fagavdelingane.

    Sosiale medium skal handterast som all annan kommunikasjon når det gjeld tilhøvet mellom politikk og administrasjon.

    I alle tilfelle der saka omhandlar regjeringa sin politikk eller departementet sine aktivitetar, bør ein bruke departementet sine kanalar og ressursar. For at departementet sine sosiale kanalar skal ha størst mogleg effekt over tid, er det avgjerande at departementet sitt innhald primært blir delt i departementet sine kanalar. Dersom det i tillegg blir brukt andre kanalar, bør innhaldet som hovudregel bli delt vidare frå kanalane til departementet.

    I saker som ikkje fell innanfor beskrivinga ovanfor, kan politikarane sine eigne kanalar bli brukte.

    Departementet sine kanalar må sjåast i eit perspektiv som strekker seg over fleire valperiodar og statsrådar. Dette vil påvirke valet av kva slags ressursar og kanalar ein tek i bruk.

    Prinsippa bygger på dei rollebeskrivingane og aktuelle avgjerslene som er omtalte nedanfor.

    Roller

    Departementa

    Departementa si rolle er å være fagleg sekretariat for statsråden. Det omfattar å bidra til politikkutforminga, mellom anna ved å utarbeide framlegg for Stortinget, og å støtte arbeidet med politikkformidling, som for eksempel handtere førespurnader frå media, og gi råd i samband med medielansering av statsråden sin politikk.

    Andre viktige oppgåver er:

    • å utøve myndigheit, primært ved enkeltvedtak eller forskrifter
    • å gjennomføre sektorpolitikk overfor mellom anna kommunar, næringsliv, organisasjonar og borgarar, innanfor politisk gitte rammer
    • å styre og følge opp underliggande verksemder (etatsstyring) og statseigde selskap (eigarstyring)

    Statsråden

    Statsråden har to vesensforskjellige roller: som partipolitiker og som øvste leiar i departementetet. Departementet hjelper statsråden berre i rolla som øvste leiar.

    Kommunikasjonseininga eller -avdelinga

    På same måte som fagavdelingane yter statsråden hjelp innan sine fagområde, skal kommunikasjonseininga gi kommunikasjonsfagleg hjelp til statsråden og fagavdelingane.

    Fagavdelingane

    Kommunikasjonsansvaret følger saksansvaret. Fagavdelingane har derfor ansvaret for kommunikasjon innan eigne fagområde.

    Aktuelle bestemmingar

    Etisk kvalitet på tenesteyting og myndighetsutøving er ein føresetnad for at innbyggarane skal ha tillit til statstenesta. Målet med desse generelle etiske retningslinjene, er at alle statstilsette skal vere bevisste på dette.

    Etiske retningslinjer for statstenesta (regjeringa.no)

    Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har fastsett retningslinjer om tilhøvet mellom politisk leiing og embetsverket. Desse inneheld sju plikter for embetsverket.

    Syv plikter for embedsverket (regjeringa.no)

    Formålet med lova er å legge til rette for at offentlege verksemder er opne og gjennomsiktige, for slik å styrke informasjons- og ytringsfridomen, den demokratiske deltakinga, rettstryggleiken for den enkelte, tilliten til det offentlege og kontrollen frå ålmenta. Lova skal også legge til rette for gjenbruk av offentleg informasjon.

    Offentleglova (lovdata.no)

    Denne lova gir generelle reglar om behandlingsmåten i den offentlege forvaltninga. Lova regulerer saksbehandlinga når det blir teke avgjersler i den offentlege forvaltninga, og særskilt om rettar til partane under saksbehandlinga.

    Forvaltningslova (lovdata.no)

    Formålet med denne lova er å sikre arkiv som har mogleg kulturell eller forskingsmessig verdi, eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, slik at desse kan bli tekne vare på og gjort tilgjengelege for ettertida.

    Arkivlova (lovdata.no)

    Formålet til forskrifta er å legge til rette for sikker og effektiv bruk av elektronisk kommunikasjon med og i forvaltninga.

    eForvaltningsforskrifta (lovdata.no)

    Kommunikasjonspolitikken inneheld sentrale mål og prinsipp for statens kommunikasjon med innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og anna offentleg verksemd.

    Statens kommunikasjonspolitikk (regjeringa.no)

    Ressursar

    Etikk for Walter. E-læringskurs i forvaltningsetikk

    Etikk for Walter er eit e-læringskurs i forvaltningsetikk. Dette e-læringskurset hjelper deg til å manøvrere i det etiske landskapet, og til å sette dei etiske retningslinjene på dagsorden. Som tilsette i det offentlege er vi avhengige av tillit, og vi ønsker ei saksbehandling som toler dagens lys.

    Etikk for Walter

    Får Walter lov? E-læringskurs i forvaltningslova

    «Får Walter lov?» er eit e-læringskurs i forvaltningslova. Deltakaren lærer hovudprinsippa i forvaltningslova for å sikre forsvarleg saksbehandling og borgarane sin rettstryggleik.

    Får Walter lov?

    Innsyn – eit e-læringsmagasin om offentleglova

    Magasinet gir deg innsikt i offentleglova, korleis praktisere meiroffentlegheit og handtere innsynskrav. Du får oversikt over dei viktigaste unntaka frå openheit og grunngivinga for desse.

    Magasinet Innsyn

    Den gylne pennen – eit e-læringskurs i klarspråk

    Kven skriv vi eigentleg for i stat og kommune? Og korleis kan vi skrive slik at mottakarane forstår? Med e-læringskurset "Den gylne pennen" får du ei innføring i dei viktigaste klarspråksteknikkane. Gjennom oppgåver og eksempel trener du på korleis du kan skrive så mottakarane forstår.

    Den gylne pennen

    Erfaringar – praktiske eksempel

    Kva erfaringar har andre gjort seg, kva skjedde og kva kan vi lære?

    Situasjon

    Ein video blir produsert i forbindelse med at ein statsråd besøker ei bedrift i ein kommune. Videoen fortel om regjeringa sin politikk på området, og skal etter planen bli publisert på departementet si Facebook-side i etterkant av besøket. Statsråden, som har mange følgarar, ønsker også videoen for publisering på si Facebook-side, for å nå ut til fleire. Ho ønsker ikkje å dele departementets video, men publisere den sjølv, for best mogleg rekkevidde (deling gir mindre rekkevidde enn eiga publisering).

    Kva er dilemmaet?

    Dilemmaet er at prinsippet om at departementets innhald skal publiserast i departementet sine kanalar, er i konflikt med ønsket om at innhaldet skal nå flest mogleg innbyggarar.

    Regjeringa sin politikk er innhald som høyrer heime på departementets sider. Sjølv om godt innhald på sikt vil bygge opp departementets rekkevidde, er det freistande å ta ut ein «kortsiktig gevinst» i form av å også publisere på sida til statsråden eller andre aktuelle partar for å nå ut til fleire.

    Forslag til løysing

    Publisér videoen på Facebook-sida til departementet, men krysspubliser (publisere begge stader samtidig) med andre aktuelle departement og statsrådar. På den måten får alle publisere ein eigen tekst over videoen, og departementet får (som «eigar» av den krysspubliserte videoen) fordelen av auka distribusjon og oversikt over totalt tal visninger av videoen.

    Aktuelt prinsipp

    Kommunikasjon som omhandlar regjeringa si politikk og departementet sine aktivitetar, bør formidlast gjennom departementet sine kanalar.

    Situasjon

    Ein statsråd på reise ønsker å formidle ein bodskap via straumetenesta Facebook Live på si eiga Facebook-side. Ingen andre politikarar er med på reisa, og statsråden spør om kommunikasjonsrådgivaren kan starte sendinga, og halde telefonen under direktesendinga.

    Hva er dilemmaet?

    Dilemmaet er at produksjon av innhald til politikarane sine private kanalar fell utanfor dei normale arbeidsoppgåvene til kommunikasjonsrådgivaren.

    Politikarane har sjølve ansvar for å følge oppsine eigne profilar i sosiale medium. Departementet sine ressursar skal blir brukte på departementet sine kanalar. Sunn fornuft tilseier likevel at ein hjelper kvarandre når situasjonen tillet det.

    Forslag til løysing

    Kommunikasjonsrådgivarane må kunne støtte statsråden med praktiske oppgåver på reiser han gjennomfører som statsråd. Foto og video er innanfor kva ein må forvente å hjelpe statsråden med på slike reiser.

    Aktuelt prinsipp

    Alt du gjer for éin statsråd i dag, skal du kunne gjere for ein annan i morgon.

    Situasjon

    Ein statsråd på reise ber ein kommunikasjonsmedarbeidar i departementet om å publisere tekst og bilete frå eit besøk på Facebook-sida si.

    Kva er dilemmaet?

    Dilemmaet er at publisering av innhald til politikarane sine private kanalar fell utanfor kommunikasjonsrådgivaren sine normale arbeidsoppgåver.

    Politikarane og partia er ansvarlege for statsrådane sine profilar i sosiale medium. Kommunikasjonsmedarbeidarane i departementet har ikkje, og skal normalt ikkje ha, tilgang til desse.

    Forslag til løysing

    Publisering i statsråden sine eigne kanalar bør bli handtert av ein politikar i departementet, eller av partiorganisasjonen. Publisering av politiske bodskap fell utanfor «praktiske gjeremål».

    Aktuelt prinsipp

    Kommunikasjon som omhandlar regjeringa si politikk og departementet sine aktivitetar, bør formidlast gjennom departementet sine kanalar.

    Kontakt oss om du har innspel til rettleiinga

    Onar Aanestad

    Kommunikasjonsdirektør
    Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon
    +47 924 26 631