Skate sitt toppleiarseminar

Skate sitt toppleiarseminar 2021 vart arrangert heildigitalt 10. februar 2021. Meir enn 300 toppleiarar og nivå 2-leiarar i offentlig sektor deltok. Opptak frå seminaret er tilgjengeleg under.

Overskrifta for seminaret var «Éin digital offentleg sektor». Det er same tittel som digitaliseringsstrategien regjeringa og KS var saman om å etablere og lansere i 2019. På seminaret tok vi for oss det sentrale innhaldet i strategien og såg nærmare på kva den betyr for toppleiarar i offentleg sektor.

Sjå opptak frå Skate sitt toppleiarseminar (2 t. 15 min.)

Program

  • Velkomen ved Steffen Sutorius, direktør i Digitaliseringsdirektoratet
  • Film om Skate
  • Helsing frå Linda Hofstad Helleland, distrikts- og digitaliseringsminister
  • Kva retning gir digitaliseringsstrategien og kva bør den bety for toppleiarar?
    • Paneldebatt med fem Skate-direktørar
  • Frå enkelttenester til samanhangande tenester – samarbeid kommune - stat​
    • Ei historieforteljing om vegen vi går – av tre Skate-direktørar frå KS og staten
    • Paneldebatt med fem Skate-direktørar
  • Avslutning ved Steffen Sutorius, direktør i Digitaliseringsdirektoratet