Skate sitt arbeidsutval (AU)

Skate blir understøtta av eit arbeidsutval med representantar frå Skate-verksemdene. AU blir leia av Digitaliseringsdirektoratet sin leiar av Skatesekretariatet.

Oppgåver

  1. AU skal bidra til at strategisk viktige saker kjem på Skate sin agenda
  2. AU skal vere eit saksførebuande organ for Skate
  3. AU skal understøtte Skate si porteføljeoppfølging
  4. AU skal sikre løysing på Skate sitt behov for utgreingar og fråsegner
  5. AU skal halde seg orientert om saker og tema som kan bli relevante for Skate

Møtedokument

AU har normalt eit møte kvar månad med unntak frå juli. Møteinnkallingar, sakspapir og referat frå AU-møta vert journalført av Digitaliseringsdirektoratet på eigne årlege saker for møta i Skate sitt arbeidsutval. Dei er tilgjengeleg for alle som dokument frå Difi/Digdir på eInnsyn (sjå under).

Kontakt