Hopp til hovudinnhald

Innhald i sosiale medium

Innhaldet er sjølve berebjelken i sosiale medium. Ulike sosiale medium er tilpassa ulike typar innhald, og stadig fleire tillet fleire typar innhald. Godt innhald er den viktigaste ingrediensen i vellykka bruk av sosiale medium.

    Sosiale medium handlar hovudsakeleg om å formidle innhald som skapar verdi for mottakaren. Avsendaren må dermed presentere bodskapen på ein måte som mottakaren opplever som verdifull og engasjerande. Dette vil bidra til å spreie innhaldet til fleire.

    Historieforteljing

    Innhald i sosiale medium fungerer best om det blir utforma som historier. Uansett om det er tekst, bilete, video eller lyd, så bør innhaldet fortelje ei historie. Ei historie i denne samanhengen seier ikkje nødvendigvis noko om mengde innhald. Eit bilete eller eit par setningar kan vere ei historie.

    Du kan for eksempel presentere eit forslag eller eit vedtak i ei historie om korfor forslaget blir fremma, kva ein ønsker å forbetre eller kva ein ønsker tilbakemelding på.

    Biletbruk

    Bilete som har personar som hovudtema

    Dersom det er personar som er hovudtema i biletet, skal du alltid ha samtykke frå alle som, direkte eller indirekte, kan bli identifiserte på bileta før dei blir delte. Dette gjeld også gruppebilete, slik som klassebilete. Om dei som er på biletet er under 15 år, må dei føresette gi lov til publiseringa, i tillegg til at barnet bør bli spurt og høyrt.

    Bilete som har aktivitetar som tema

    Dersom det er sjølve situasjonen eller aktiviteten som er hovudtema, og personane på biletet er mindre viktige, kan bileta offentleggjerast utan samtykke dersom dei ikkje er krenkande eller kan være skadelege for dei som er med på biletet. Eksempel på dette kan være bilete av 17.mai-tog eller konsertar. Bileta må heller ikkje kjennast krenkande ut ifrå situasjonen dei er publiserte i.

    Av og til kan det være vanskeleg å skilje mellom slike typar bilete, så ein god regel er å alltid spørje om lov frå dei som er avbilda for å være sikker på å ikkje gjere noko feil. Eit ja som er gitt éin gong, gjeld likevel ikkje evig. Dersom den som har sagt ja seinare angrar seg, har du plikt til å hjelpe til med å fjerne biletet.

    Dersom du hentar informasjon frå andre stader på nettet, må du hugse å oppgi kjelde. Nokon gonger må ein også be om løyve, så i dei tilfella er det viktig å kjenne til reglane for opphavsrett.

    Film

    Film skapar ofte meir engasjement i sosiale medium enn bilete og lenkjer, og eignar seg ofte godt til historieforteljing. I samsvar med krav om universell utforming skal alle videoar vere teksta. Teksting kan også auke rekkevidda og interessa for filmen.

    Personleg

    Personleg innhald fungerer betre enn upersonleg innhald i sosiale medium. Tilsvarande fungerar det betre å snakke med publikum enn å snakke om publikum. For eksempel kan du snakke med dei eit forslag eller eit vedtak får følgjer for, framfor å la ein politikar eller byråkrat fortelje om forslaget.

    Det er viktig å ikkje forveksle personleg med privat. Sjølv om du deler innhald med eit personleg preg, så bør du være varsam med å tre inn i den private sfæren.

    Klart språk

    Tekstar frå det offentlege skal bruke eit korrekt, klart og brukartilpassa språk. Dette gjeld også tekstar i sosiale medium. Ein tekst er skriven i klarspråk dersom mottakarane

    • finn det dei treng
    • forstår det dei finn
    • kan bruke det dei finn, til å gjere det dei skal

    Humor

    Humor fungerer bra i sosiale medium. Korrekt bruk av humor kan vere nøkkelen til viral spreiing av ein bodskap, og kan gjere sjølv den mest trivielle bodskapen interessant.

    Humor er likevel eit verkemiddel som ein bør bruke varsamt. Blir det brukt feil, kan humor virke mot si hensikt.

    Nokre tips for bruk av humor:

    • Ikkje bruk humor i forbindelse med saker som er forbunde med negative følelsar.
    • Ikkje bruk humor dersom det kan krenke, såre, henge ut eller på annan måte ramme enkeltpersonar eller grupper.
    • Ikkje bruk humor som kan verke støytande.

    Ironi kan ofte bli misforstått av mottakaren. Du bør derfor være forsiktig med bruk av ironi.

    Kontakt oss om du har innspel til rettleiinga

    Linda Meskestad

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: 99798028

    Onar Aanestad

    Informasjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: +47 92 42 66 31