Hopp til hovudinnhald

Åtte ulike digitaliseringsprosjekt får no til saman 150 millionar kroner frå Medfinansieringsordninga. Når prosjekta som får støtte er realiserte, vil helsevesenet ha fått enklare digital oversikt over kva legemiddel pasientar brukar, det vil være enklare å opprette aksjeselskap, og det vil bli mogleg å foreta oppgjer etter dødsfall digitalt – mellom anna.

Medfinansieringsordninga er ei ordning som gjer at statlege verksemder kan få økonomisk støtte til å gjennomføre digitaliseringsprosjekt som er samfunnsøkonomisk lønsame. Kommunar frivillege organisasjonar og private verksemder kan vere samarbeidspartar.

Medfinansiering er med på å gjennomføre digitaliseringsstrategien

Retningslinene for medfinansieringsordninga er frå og med i år endra slik at det skal leggjast større vekt på om prosjekta støttar opp under regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi: Én digital offentlig sektor: Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019-2025.

Konkret betyr dette strategisk prioriterte fellesløysingar(infrastruktur, plattformar mm.) og tverrgåande tiltak (samanhengande tenester). Tiltak knytte til dei sju prioriterte livshendingane i strategien skal prioriterast før andre livshendingar. Dei sju prioriterte livshendingane er:

  • Få barn

  • Alvorlig sykt barn

  • Miste og finne jobb

  • Ny i Norge

  • Dødsfall og arv

  • Starte og drive en frivillig organisasjon

  • Starte og drive en bedrift

Kort om prosjekta og samfunnsnytten

  • Statens sivilrettsforvaltning skal digitalisere opplysningar om verjer og verjemål, og leggje det inn som del av Fullmaktsregisteret i modernisert folkeregister. Dette vil spare mange for dagleg papirarbeid og manuelle prosessar.

  • Brønnøysundregistra sitt prosjekt vil gjere det enklare å opprette aksjeselskap og enkeltpersonføretak, og er klart relevant for livshendinga Starte og drive bedrift.

  • Digitaliseringsdirektoratet skal realisere digital løysing for oppgjer etter dødsfall, som er ein del av livshendinga Dødsfall og arv.

  • Direktoratet for e-helse vil i samarbeid med fleire andre utvikle «Pasientens legemiddelliste», ei digital løysing for å samle all informasjon frå ulike instansar om kva legemiddel ein pasient brukar. Denne prosessen skjer manuelt i dag og det tek mykje tid og gir risiko for feil og manglar. Tiltaket kan ha betydning for livshendinga Alvorleg sjukt barn.

  • Nav skal digitalisere hjelpemiddelforvaltninga. Dette skapar betre oversikt og vil gjere at brukarane raskare får sine hjelpemiddel. Det gir også innsparingar for staten ved at hjelpemiddel som ikkje er i bruk, vert omdisponert raskare. Hjelpemiddel kan vere ein føresetnad for mange for å kunne delta i arbeidslivet, og er såleis knytte til livshendinga Miste og finne jobb.

  • Arbeidstilsynet står i bresjen for eit tverrgåande prosjekt som skal leggje til rette for samordning og effektivisering av statlege tilsyn med verksemder både i privat og kommunal sektor.

  • Direktoratet for mineralforvaltning skal gjere konsesjonsbehandling digital, noko som vil gjere det enklare å søkje om konsesjon for næringa og medføre raskare sakshandsaming.

  • Garantiinstituttet for eksportkreditt gir garantiar for kreditt som blir gitt til eksportbedrifter, og løysinga deira, som inneber betre oversyn og raskare saksbehandling, kan spare verksemder og samarbeidspartar for både tid og andre kostnadar.

Gevinstar skal realiserast

Alle tiltak som får medfinansiering må dokumentere at dei er samfunnsøkonomisk lønsame. Dei åtte prosjekta som no får midlar har til saman ein netto noverdi på vel fire milliardar kroner over 10 år. Det omfattar nytteeffektar i både offentleg og privat sektor.

Prosjekta må innan 28. april levere ein gevinstrealiseringsplan for å få endeleg tilsegn om midlar. Denne skal vise gevinstar i eiga verksemd og i andre statlege verksemder og kommunar. Verksemdene må i tillegg gjere greie for korleis dei vil følgje opp og måle at gevinstane blir realisert.

Potten til medfinansiering av digitaliseringsprosjekt vart i år auka med 60,7 millionar til 187,9 millionar i år. Åtte digitaliseringsprosjekt får no 150 mill. kroner i medfinansiering over tre år.