Hopp til hovudinnhald

Bruksområdet er videokonferansar og utstyret som vert brukt til dette. Området dekker berre Hub'ar, det vil seie dedikert videokonferanseutstyr, ikkje PC-basert utstyr.

Ikkje lenger standard i Referansekatalogen.

Anbefalte standardar skal nyttast med mindre du har ein god grunn til å la vere.

Vi anbefaler at alle offentlege verksemder skaffar og nyttar Hub'ar og dedikert videokonferanseutstyr, som støttar både H.323 og SIP (Session Initiation Protocol)

H.323 er ein ITU H.-standard-protokoll som er nyttig for å kontrollere kommunikasjon over telefonnett, slik som ISDN.

SIP er ein protokoll for VoIP (IP-telefoni), og «omset» eit telefonnummer eller annan adresseinformasjon til ei IP-adresse.

Heimel

Kravet er gjeldande. Det vart innført 30.10.2012.

Rettleiar

Ingen rettleiar tilgjengeleg.