Vi slår saman data.norge.no og Felles datakatalog

To nasjonale datakatalogar blir til ein når vi i byrjinga av mai slår saman data.norge.no og Felles datakatalog. Målet med samanslåinga er å gjere det enklare å oppdage, vurdere og ta i bruk data frå offentlege og private verksemder.

Endra
28. Mai 2020

Data.norge.no har i desse dagar 10-årsjubileum og har i desse 10 åra vore dedikert til opne offentlege data. Når samanslåinga er gjennomført, vil ein i tillegg få tilgang til beskrivingar av data som ikkje kan publiserast som opne data, eller av andre grunnar ikkje er tilgjengeleg enno. Ein felles portal for opne og «lukka» data vil vere vinn-vinn både for offentleg og privat sektor. 

Nettadressa for den samaslåtte løysinga blir data.norge.no, medan den tekniske plattforma blir løysinga som er brukt i Felles datakatalog (FDK).

Sidan hausten 2017 har alle beskrivingane av datasett på data.norge.no blitt automatisk importert til Felles datakatalog. Når vi no slår saman nettstadane, blir desse beskrivingane forvalta i same løysing.

Samanslåing gir tilgang til nye funksjonar

For verksemdene som publiserer beskrivingar av datasett på dagens data.norge.no, vil samanslåinga gi tilgang til ny funksjonalitet. Det vil mellom anna bli betre støtte for å beskrive datatenester (API-ar), og mogleg å registrere omgrep og informasjonsmodellar som ein kan relatere til dei aktuelle datasetta. Det vil også bli mogleg å hauste beskrivingar frå lokale datakatalogar som er publiserte i tråd med DCAT-AP-NO-standarden. Vi tek direkte kontakt med verksemdene for meir informasjon om dette. 

Målet med omlegginga er å bidra til eit felles økosystem rundt deling og bruk av data som offentleg sektor forvaltar, enten dette er opne eller “lukka“ data. Ved hjelp av tydeleg merking og gode filter er målet vårt at det skal vere lett å finne opne data også etter samanslåinga. 

To funksjonar vert ikkje med vidare i ny løysing: kommentar-felta, og oversikta “Apper og tjenester”. Vi vil vurdere behovet for desse funksjonane framover.

Følg arbeidet

For dei ekstra interesserte er det mogeleg å følgje arbeidet undervegs i den opne behovsprosessen på GitHub. Sjå “arbeidsbrettet” “Behovsprosjekt” med filter på merkelapp “åpne data”.

Kontakt