Hopp til hovudinnhald

Maskinporten er ein av tre kandidatar til Fyrlyktprisen for 2020. Prisen blir delt ut på Nokios-konferansen i Trondheim 20.-22. oktober.

14. september 2020

Det er Offentleg sektors dataforum som står bak Fyrlyktprisen, som skal fremje utveksling av erfaringar og kunnskap om IKT i forvaltinga og synleggjere og støtte innovativ bruk av IKT. Prisen går til aktørar som har utmerka seg særleg positivt på IKT-feltet og fortener tittelen «Årets IT-fyrlykt i offentleg sektor».

– Det har vist seg at lanseringa av Maskinporten i fjor haust kom på eit godt tidspunkt. Løysinga møter eit konkret behov hos mange av våre kundar. Det kjem stadig nye tenester som byggjer på utstrakt deling av data, og Maskinporten gjer denne samhandlinga enklare, sikrare og er fleksibel og skalerbar for verksemdene, seier avdelingsdirektør Torgeir Strypet i Digitaliseringsdirektoratet.

Han seier nominasjonen er ekstra hyggeleg sidan dette er ei løysing som har sprunge ut frå fagmiljøet i Digitaliseringsdirektoratet og som vart utvikla på rekordtid.

Maskinporten - illustrasjon

Trygg deling av data

Maskinporten sørger for sikker autentisering og tilgangskontroll for datautveksling mellom verksemder. Løysinga garanterer identiteten mellom verksemder og gjer det mogleg å binde saman system og utvikle nye tenester på ein effektiv måte.

Ved å bruke Maskinporten kan offentlege og private aktørar vere sikre på at dei kommuniserer og deler data trygt og utan at dei må bruke ressursar på utvikling og vedlikehald av eigne sikringsmekanismar som tradisjonelle sertifikat.

Byggjer på ID-porten

Maskinporten byggjer på kjernen i ID-porten, som er påloggingsløysinga til offentlege tenester på nett. Produktsjef Stig Slaatto Hornnes legg vekt på at ein av dei viktige eigenskapane til Maskinporten er evne til å skalere etter dei behova som tenesteeigarane har.

– Løysinga er dessutan basert på sjølvbetening og er enkel å ta i bruk, uavhengig om ein skal dele informasjon med andre verksemder eller om ein driv ei verksemd som har behov for å hente data frå andre, seier Slaatto-Hornnes.

Maskinporten vart lansert som ny fellesløysing 4. september 2019, og var ved utgangen av juli 2020 teken i bruk av 35 offentlege verksemder og 34 private verksemder som utveksler data med offentleg sektor.

Tre finalistar

Maskinporten er ein av tre finalistar i kåringa av Fyrlyktprisen. Kandidat nummer to er Værnes Respons, ei skybasert responssenterløysing som handterer varsel frå helseteknologi (tryggheitsalarmar, medisindispensarar mm) frå innbyggjarar i elleve kommunar. Kandidat tre er modernisert folkeregister som er eit viktig satsingsprosjekt frå Skatteetaten (og som for øvrig nyttar Maskinporten).

Vinnar av Fyrlyktprisen i 2019 var Felles datakatalog som er utvikla av Brønnøysundreigstera i samarbeid med dåverande Difi og Skate-verksemdene.

Kontakt

Torgeir Strypet

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 97149903

Stig Slaatto-Hornnes

Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90541534

Kort presentasjon av Maskinporten frå lanseringa i 2019