Hopp til hovudinnhald

Arbeidet med tiltaka som skal sikre at alle får tilgang til ein sikker og brukarvennleg digital identitet, er i gang. Kven som har ansvar for kva og kva som skal prioriterast, framgår i ein ny handlingsplan for eID.

Ung kvinne held en mobiltelefon i handa
Foto: Colourbox

I april i fjor la regjeringa fram ein ny nasjonal strategi for eID i offentleg sektor. Hovudmålet med strategien er at alle som treng det skal få tilgang til sikker elektronisk ID (eID).

Den nye handlingsplanen gir oversikt over dei ulike tiltaka i strategien og korleis ein framover skal koordinere arbeidet i offentleg sektor.

– Elektronisk ID er nøkkelen til mykje av det vi treng i kvardagen – ikkje minst til mange offentlege digitale tenester. For å få tilgang til mange av desse tenestene må ein ha eID på høgt sikkerheitsnivå – for eksempel BankID. Nokre grupper i samfunnet har utfordringar med å skaffe seg eller bruke eID på høgt sikkerheitsnivå. Dette vil regjeringa gjere noe med, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Handlingsplanen er eit verktøy for verksemder i offentleg sektor som skal bidra til at tiltaka i eID-strategien blir realisert.

Vi må inkludere flest mogleg i det digitale samfunnet. Det krev samarbeid på tvers av sektorar og aktørar. Eg trur denne handlingsplanen kan bidra til at dei ulike aktørane saman kan realisere måla vi har satt oss, seier Tung.

Dei viktigaste prioriteringane i handlingsplanen er:

  • Alle relevante brukargrupper skal enkelt kunne skaffe seg ein eID på det sikkerheitsnivået dei har behov for.
  • Sikker og brukarvennlig fullmaktløysing for innbyggarar som gjer det mogleg å opptre på vegne av andre i digitale tenester.
  • Løysing for innlogging og bruk av offentlege digitale jenester skal vere sikker, kostnadseffektiv og heilskapleg.

Handlingsplanen er utarbeidd av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet.

Mer om dette temaet