Hopp til hovudinnhald

Årsrapporten viser at Digdir leverte godt også i 2021. – Eg ser tilbake på 2021 med stoltheit. Toåringen Digdir leverte svært godt i nok eit krevjande og spesielt år med pandemi, skriv Digdir-direktør Steffen Sutorius.

25. april 2022

Korleis står det til med digitaliseringa, og korleis hevdar Noreg seg internasjonalt? Kvifor er digitalisering ein nøkkel til å nå FN sine bærekraftsmål? Og kva er måla og resultata til Digdir på dei ulike fagområda våre – kva utfordringar ser vi, og korleis riggar vi oss for å løyse dei? Det er nokre av spørsmåla du kan få svar på i Digdir sin årsrapport for 2021.

Visste du at …

  • … 9 257 ulike offentlige tjenester brukte dei nasjonale fellesløysningane til Digdir i 2021, ei auke på 25 prosent fra året før? Eller at bruken av fellesløysingane er tidobla sidan 2016 – utan at finansieringa har auka vesentleg?

  • … Altinn blei erklært eit digitalt fellesgode og at Digdir flytta inn i nye, miljøvennlege kontorlokal i Brønnøysund og Oslo?

  • … medarbeidarane i Digdir har høgt engasjement både for Digdir som arbeidsgivar, samfunnsoppdraget og eigne oppgåver?

Årsrapporten for 2021 kjem både i ein pdf-versjon og ein nettversjon.

Dette finn du i årsrapporten

  • I kapittel 1 kan du lese direktøren si vurdering av Digdir sine viktigaste aktivitetar og resultat i 2021 og korlei vi vurderer måloppnåelsen.

  • I kapittel 2 forklarer vi verksemda, dei viktigaste hendingane gjennom året og hovudtal som er samanliknbare med tidlegare år og andre verksemder.

  • Kapittel 3 er det største kapitelet kor vi først vurderer den samla måloppnåinga. Deretter presenterer vi Rikets digitale tilstand og status på handlingsplanen for regjeringa sin digitaliseringsstrategi, som kort fortalt er måloppnåinga på samfunnsnivå. Deretter presenterer vi «fagrekneskap» for Digdir sine sju fagområde, med en kort oversikt over oppdrag i 2021 til slutt.

  • Kapittel 4 omhandlar styring og kontroll, HR, kommunikasjon, sikkerheit og beredskap, og, ikkje minst: bærekraft. Bærekraft og digitalisering heng tett saman, og i denne delen rapporterer vi både på Digdir sitt bidrag gjennom samfunnsoppdraget og kor «grønn» drifta vår er. Vi fremhevar at Altinn har blitt eit digitalt fellesgode, og at vi har flytta inn i to av Noregs mest miljøvennlege kontorlokal i Brønnøysund og Oslo.

  • I kapittel 5 gir vi vår vurdering av framtidsutsiktene – både for digitalisering i stort og for Digdir som verksemd. Hovedbodskapen er at Noreg ligg i verdstoppen på digitalisering, men at vi må vi bli betre på mykje. Vi må utvikle fleire samanhengande tenester med brukaren i sentrum, sette fart på delinga av data, redusere digitalt utanforskap og bygge vidare på det gode samarbeidet som er etablert.

  • Til slutt, i kapittel 6, presenterer vi årsrekneskapen, som gir eit dekkande bilete av Digdir sine disponible løyvingar, rekneskapsførte utgifter og inntekter.