Hopp til hovudinnhald
25. september 2023
5 minutt å lese

Det neste året skal regjeringa lage ein ny digitaliseringsstrategi for Noreg. Den må svare på korleis du og eg skal få ein enklare kvardag – og sikre at digitaliseringa reduserer kostnadar og skapar verdiar for samfunnet.

Dette innlegget vart lagt ut som ein kronikk i Computerworld 22. september som eit innspel til den kommande digitaliseringsstrategien.

Digdir har også gitt innspel til departementet i eit brev som du kan lesa her: Innspill til ny nasjonal digitaliseringsstrategi | Digdir

På Digitaliseringskonferansen i juni forklarte riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen kvifor digitalisering gjeld oss alle, i ei tid med aukande økonomiske utfordringar:

«Vi er så heldige at stadig fleire av oss opplever å bli eldre. Mykje eldre. Det betyr auka utbetalingar til pensjonar, til helsetenester og til omsorg. Samtidig vil oljeinntektene bli mindre. For å klara denne utfordringa, må me skaffa ca. 5 milliardar kroner ekstra kvart år framover. Det kan vi få til ved å kutte betydeleg i det offentlege tenestetilbodet eller dobla eigenbetalinga. Vi kan auka skattane med omtrent ein firedel. Eller me kan arbeida rundt ein time ekstra kvar dag. Det er ganske få som heiar på slike endringar, naturleg nok. Den gode nyheita er at vi også kan få meir utav kvar krone og auke produktivitet i offentleg verksemd, ikkje minst gjennom ei betydeleg og målretta digitalisering. Problemet er ikkje at vi digitaliserer for mykje, men at vi ikkje utnyttar moglegheitene digitaliseringa gir oss godt nok.»

Digitalisering sparar samfunnet for milliardar – vi har ikkje råd til å la vere

I Noreg har vi mange digitale tenester i verdsklasse. Berre tenk på Skattemeldinga, ID-porten og Altinn. Digital eigedomshandel sparer samfunnet for 13 milliardar over ti år. Og tenk på tid og pengar spart ved at vi kan selje ein bil digitalt, eller få godkjent ein lånesøknad på minutt.

Samstundes slit ein av fem nordmenn med digitale tenester av ulike grunnar. Vi må mellom anna gjere digital deltaking mogleg for personar som er satt under verjemål, barn, utanlandske borgarar og menneske med svake digitale ferdigheiter. Då treng vi ei ny fullmaktsløysing. Forutan å hjelpe dei mange som hjelper andre, viser vår samfunnsøkonomiske analyse at ei fullmaktsløysing vil spare skattebetalarane for 1,6 milliardar kroner over ti år.

Vi har ikkje råd til å la vere å digitalisere. Mange felles digitaliseringsprosjekt sparar samfunnet for 100 kroner for kvar krone vi brukar. Vi må investere for å kunne spare pengar.

Digitaliseringsdirektoratet har tre råd til den nye digitaliseringsstrategien:

Råd 1: Digitaliseringsstrategien må gjelde heile samfunnet

Den nye strategien må beskrive kva me ønskjer å oppnå og korleis Noreg skal vere når vi er i mål med strategien. Digitalisering er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å løyse viktige utfordringar for samfunnet.

God digitalisering er avgjerande for demokratiet, tryggleiken og for å skape eit berekraftig samfunn – og ikkje minst for å frigjere milliardar til betre omsorg, helse og utdanning. Ved å utvikle og dele løysningar, data og kunnskap, hindrar vi sløsing med knappe ressursar.

Råd 2: Still krav til korleis forvaltninga styrer og samarbeider om digitalisering

Vi veit at Noreg kan få vesentleg meir utav dei titals milliardane vi i staten til saman brukar på digitalisering. Vårt klare råd er å stille krav til meir heilskapleg styring av pengebruken og digitaliseringa i offentleg sektor.

Statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar har mange like utfordringar – men kvar sine løysingar. Kvifor tillèt vi det, når vi veit at felles løysingar både er betre for alle og sparer samfunnet for milliardar, ofte ti eller hundre gonger meir enn vi investerer?

Erfaringa vår – og Riksrevisoren si klare melding – viser at vi må stille langt tøffare krav til samarbeid mellom alle nivå av forvaltninga, og på tvers av offentleg og privat sektor. Det må den nye digitaliseringsstrategien svare på.

Råd 3: Vi må utnytte potensialet i EU sin digitaliseringspolitikk

EU har ein svært ambisiøs digitaliseringspolitikk som Noreg kan hauste stor nytte av. Programmet Digital Europe er på over 80 milliardar kroner. Noreg bidreg med ca. 2 milliardar. Satsinga i EU kan hjelpe oss å ta store steg framover. Noreg kan dra langt større nytte av den store satsinga i EU på infrastruktur, forsking og utvikling, testing og bruk av ny teknologi og andre felles initiativ.

Vi skal skape ei betre framtid – saman og for alle

Den eksisterande digitaliseringsstrategien heiter «Éin digital offentleg sektor». Den nye vil handle om heile samfunnet – og korleis vi skal bruke digitalisering til å sikre velferdsstaten og skape eit betre Noreg, saman og for alle. Den strategien treng vi.

Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Frode Danielsen

Danielsen vart utnemnt til direktør i Digitaliseringsdirektoratet i mars 2023 etter å ha vore konstituert i stillinga sidan november 2022. Han var avdelingsdirektør for digitale fellesløysingar i Digdir i perioden 2021-2022, har jobba med nasjonale fellesløysingar i 15 år, og har mellom anna hatt ei sentral rolle i å bygge opp eit sterkt og leveransedyktig forvaltningsmiljø for løysingane. Danielsen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen.

Forfattar

Frode Danielsen
Frode Danielsen
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarar (1)

F

Frode Strøm

28. september 2023

Menneskeheten har gjennomlevd 4 samfunn:
1 Øko-systemet på land
2 Jordbruks-samfunnet
3 Industri-samfunnet
4 Informasjons-samfunnet OG
vi er i dag flere år inne i det FEMTE samfunnsnivået.
Problemet er at bare noen få vet logikken og logistikken!
I det første samfunnet levde vi av mat vi fant i naturen - solenergi
I det andre samfunnet levde vi av å dyrke mat - synergi
I det tredje samfunnet levde vi av masse produsering - motor-energi
I det fjerde samfunnet lever vi av informasjon - mental energi
I dag er vi minst 10 år inne i et nytt samfunn - i pyramidens 5te nivå.
Dagens samfunns-utfordringer løses i det 5te nivået.
Jamfør det offentlige prosjektet "En innbygger - En journal".
Løsningen ligger i det 5te nivået - løsningen finnes!

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 0 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.