18 kommunar får totalt åtte millionar kroner i tilskot til digital opplæring for innbyggjarane der dei bur.
Mange innbyggjarar slit med å bruke digitale tenester i kvardagen. Tilskotet til kommunane skal gjere det enklare å tilby folk med lite digital kompetanse eller erfaring hjelp til å bruke digitale tenester.
Opplæringa skal gi innbyggjarane det dei treng for å logge inn i alt frå nettbanken til tenester fra NAV eller Helsenorge.
Regjeringa er oppteken av at fleire innbyggjarar blir gitt høve til å delta i det digitale samfunnet vårt. Vi har sett eit ambisiøst mål i digitaliseringsstrategien om at 95 prosent av befolkninga skal ha grunnleggjande digitale ferdigheiter i 2030. For å nå dette målet må fleire kommunar tilby opplæring og rettleiing til innbyggjarane sine.
Det er Digitaliseringsdirektoratet som deler ut tilskotet på åtte millionar kroner etter søknad frå kommunane.
Digdir skal legge til rette for økt digital inkludering gjennom bedre samordning mellom offentlige forvaltningsnivåer og skal følge opp regjeringens handlingsplan for økt inkludering i et digitalt samfunn. For at alle skal kunne delta, må vi gjøre digital opplæring mer tilgjengelig. Målet er en enklere digital hverdag for alle,
Desse søkjarane får i år tildelt tilskot for å setje i verk tiltak for digital opplæring og rettleiing til innbyggjarane sine. Totalt fekk Digdir 67 søknader.
Kommune | Søknadsbeløp | Tildelt tilskudd |
Alta kommune | 400 000 | 400 000 |
Bergen kommune | 1 200 000 | 1 200 000 |
Bokn kommune | 250 000 | 250 000 |
Eidsvoll kommune | 267 000 | 267 000 |
Flå kommune | 180 000 | 180 000 |
Fredrikstad kommune | 1 000 000 | 1 000 000 |
Haugesund kommune | 150 000 | 150 000 |
Kongsberg kommune | 860 000 | 860 000 |
Løten kommune | 180 000 | 180 000 |
Narvik kommune (bibliotek) | 170 000 | 170 000 |
Sokndal kommune (bibliotek) | 144 000 | 144 000 |
Stad kommune (Eid frivilligsentral) | 350 000 | 350 000 |
Stjørdal bibliotek | 613 040 | 559 000 |
Sveio kommune (bibliotek) | 160 000 | 160 000 |
Søndre Land kommune | 250 000 | 250 000 |
Trondheim kommune | 600 000 | 600 000 |
Ullensvang kommune | 980 000 | 980 000 |
Øksnes kommune | 300 000 | 300 000 |
Til samman | 8 000 000 |
Om Digihjelpen
Det er i fleire år kunngjorde tilskot retta mot etablering av Digihjelpen-tilbod i kommunane. Arbeidet med Digihjelpen skjer i eit samarbeid mellom regjeringa og KS. Meir enn hundre kommunar har mot teke økonomisk støtte for å etablere eit Digihjelpen-tilbod. KS tilbyr råd og hjelp til kommunar som ønskjer å utvikle og etablere eit rettleiingstilbod i grunnleggjande
digital kompetanse for innbyggjarane. Her kan dei ansvarlege i kommunane finne tips og råd om korleis dei kan utvikle og etablere eit kommunalt rettleiingstilbod: