Hopp til hovudinnhald

Fagleg arena for informasjonsforvaltning og deling av data

Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 11. januar kl. 09:00–10:00, 2023
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei som er interessert i problemstillingar knytt til informasjonsforvaltningsarbeid. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål, dele historier og erfaringar. Møta er opne for alle.

Agenda:

09:00 EU si undersøking "Open Data Maturity" for 2022 - Korleis gjekk det med Noreg og kva kan vi lære av dette?

Undersøkinga "Open Data Maturity" måler og analyserer utviklinga i europeiske land innanfor feltet opne data. Dette er den åttande årlege undersøkinga utført av data.europa.eu og føremålet er at medlemslanda (+ EØS) skal bli betre på å forstå eige utviklingsnivå og gje ei oversikt over beste praksis som er implementert i Europa.

Presentert av Kunnskap og Analyse i Digdir v/Ragnar Brevik og Øystein Åsnes

Opptak av møtet blir gjort tilgjengeleg for møtedeltakarane i ettertid.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om du har spørsmål til innleiarane: Faglig arena for informasjonsforvaltning og deling av data 11.01.2023 | Datalandsbyen (norge.no) eller kom med forslag til nye tema for komande "Fagleg arena"-møter, så tek vi med oss innspela vidare.

Vel møtt!