Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 07. februar kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I neste møte har vi følgjande tema:

09:00 «Los vokabularet – dinosaur eller fugl Føniks?»

Los er eit felles vokabular for å kategorisere og beskrive offentlege tenester og ressursar. Digdir orienterer først kort om kva Los er, kva det kan brukast til, og mogelegheiter for å påverke neste versjon. Deretter vil Geir Omestad presentere eit brukscase der Los blir nytta som støtteverktøy for verksemdsstyring i Kristiansand kommune.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 07.02.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!