Hopp til hovedinnhold
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
onsdag 08. november kl. 09:00–11:00, 2023
Sted:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I møtet onsdag den 8. november kl. 9 - 11 har vi følgjande tema:

09:00 «Enklare tilgang til informasjon for foreldre med alvorleg sjukt barn»

Livshendelsen Alvorleg sjukt barn presenterer innovasjonsprosjektet "Enklere tilgang til informasjon". Familiar til barn med samansette behov må i dag leite seg gjennom ein jungel av offentlege nettstadar for å finne informasjonen dei treng. Familiar i ein slik situasjon bruker i snitt 19 timar i veka på å finne informasjon og skrive søknadar til det offentlege. Prosjektet har som mål å gjere informasjonen enklare tilgjengeleg både for familiane og for offentlege tenesteytarar. Dette krev strukturering og samanstilling av innhald frå mange innhaldskjelder i ulike sektorar, og mekanismar for å sørgje for at data er oppdatert og av høg kvalitet.

Prosjektet har utforska fleire løysingar for å oppnå målet, og har undervegs vore nøydd til å forandre retning. Prosjektet arbeider no med ein prototype som nyttar generativ kunstig intelligens (retrieval augmented generation) for å strukturere og vise innhald. I presentasjonen vil vi fortelje både om gjeldande løysingskonsept og kva problemstillingar vi arbeider med no. Vidare vil vi fortelje om korleis vi arbeider på eit felt som er prega av høg tverrfaglighet, mange aktørar og hurtige teknologiske endringar.

Presentert av Jonas Rusten Wang, Helsedirektoratet (innleid)

10:00 «Verksemdsstyring og informasjonsstyring basert på ISO 30300-serien»

I haust kom dei norske omsetjingane til ISO 30300:2020 Dokumentasjon – Kjerneomgrep og terminologi og ISO 30301:2019 Leiingssystem for dokumentasjon – Krav. Desse standardane bind dokumentasjonsforvaltning og informasjonsforvaltning til internkontroll og verksemdsstyring. Korleis kan desse bli brukte i norsk kontekst?

Kristine Brorson har sete som fagekspert i den norske komitéen som har jobba med omsetjinga og fortel litt om kva diskusjonar som har blitt gjorde når komitéen har vurdert norsk kontekst. Ho deler også erfaring med bruk av ISO 30301 til informasjonsstyring i verksemder og som rammeverk for å få arkivplanar inn i internkontrollen for verksemder

Presentert av Kristine Brorson, fagdirektør informasjonsforvaltning Sopra Steria

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 08.11.23 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!