Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 13. september kl. 09:00–11:00, 2023
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I dag har vi følgjande møteplan:

09:00 «Derfor er data aldri objektive – la intuisjonen din få rå innimellom»

Ein presentasjon med funn frå Nav og Entur som jobbar mot å bli datadrevet. Her får vi vite meir om kva utfordringar programvareutviklarar møter når dei nyttar seg av data i produkta sine, og korleis dei løyste dei. Fersk forsking basert på historier frå røyndommen.
Presentert av Tor Sporsem, SINTEF

10:00 «Kva er eigentleg moglegheitsrommet med datadreven forvaltning?»

Heather Broomfield er fagdirektør i Digdir og er i sluttspurten med doktorgraden sin «The framing and implementation of data driven Government». Heather vil dele nokre resultat og innsikt frå forskinga si med oss. Har vi til dømes ei felles forståing av ansvar og konsekvensar når norsk offentleg sektor skal navigere i landskapet dette moglegheitsrommet opnar for? Doktorgraden er ein del av Forskningsrådet sitt Offentlig sektor ph-d program.
Presentert av Heather Broomfield, Digdir

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 13.09.2023 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09