Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 06. september kl. 09:00–11:00, 2023
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande agenda:

09:00 «Kort orientering om arbeidet med ny Digitaliseringsstrategi for offentleg sektor»

v/ Helge Bang, Digdir

09:45 «Oppdagbarheit: å finne balansen mellom professor Drøvel og Brasilia»

Tolletaten delar konkrete erfaringar med innkjøp av løysing for intern datakatalog - korleis utforma vi utlysinga og kvifor, og korleis var responsen? Og sjølvsagt eit blikk på kartet for vegen vidare.

v/ Filip Hansen, Tolletaten

Opptak av møtet blir gjort tilgjengeleg for møtedeltakarane i ettertid.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarane: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 06.09.2023 | Datalandsbyen (norge.no) eller kom med forslag til nye tema for komande Fagleg arena møter, så tek vi med oss innspela videre.

Vel møtt!