Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 30. august kl. 09:00–11:00, 2023
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det første møtet etter sommarferien har vi følgjande agenda:

09:00 «Den nye bølgja av kunstig intelligens – Generativ KI og store språkmodellar»

Sidan Teknologirådet ga ut rapporten Kunstig intelligens – mogelegheiter, utfordringar og ein plan for Noreg i 2018, har utviklinga gått særs fort. Framveksten av store språkmodellar trent på enorme mengder med data, er eit vendepunkt for vår tids kraftigaste teknologi.

Teknologirådet si ekspertgruppe for generativ KI vil vurdera kva dette kan bety for Noreg, og vil gjere greie for viktige perspektiv og komme med tilrådingar i løpet av hausten.

Presentert av Ellen Strålberg, Teknologirådet

10:00 «Frå data til innbyggjartenester – korleis kan vi få til godt nok samarbeid i offentleg sektor?»

Det er utarbeidd ei rekkje nasjonale strategiar og handlingsplanar, med formål om å sette offentleg sektor i stand til å utvikle gode samanhengande innbyggjartenester og deling av data. Kvifor får vi det ikkje heilt til?

Presentert av Jon Skriubakken, Vestfold og Telemark Fylkeskommune

Opptak av møtet blir gjort tilgjengeleg for møtedeltakarane i ettertid.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til føredragshaldarane: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 30.08.2023 | Datalandsbyen (norge.no) eller kom med forslag til nye tema for komande Fagleg arena møter, så tar vi med oss innspela vidare.

Vel møtt igjen!