Hopp til hovudinnhald
18. september 2023
2 minutt å lese

«Digitalisering er eit middel til å inkludere fleire i samfunnet, ikkje eit mål i seg sjølv». Dette skriv statsråden i Kommunal- og distriktsdepartementet i forordet til regjeringa sin handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn, som vart lansert 13. juni 2023.

Direktør Malin Rygg Uu-tilsynet
Å kunne delta i samfunnet på likeverdige vilkår er eit overordna mål – og framfor alt – ein demokratisk rettigheit, skriv direktør Malin Rygg i Uu-tilsynet.
Foto: Khan Le/Digdir

I arbeidet med handlingsplanen har departementet involvert både Digdir og fleire andre som har tiltak for auka inkludering og mot digitalt utanforskap som ein del av ansvarsområdet, som KS, Nkom, HK-dir, IKT Norge og Finans Norge.

Brukarorganisasjonar og næringsliv har bidrege med viktige innspel undervegs i arbeidet.

Auka deltaking

Og no er planen lansert. Ein viktig milepæl, men vi er ikkje i mål. På Digdir sine område handlar ikkje denne planen først og fremst om å «finne på noko nytt», men å sjå tiltaka våre i samanheng og gi dei ei felles strategisk forankring. Slik vil vi bidra til å dra digitaliseringsarbeidet i ei retning som gir auka deltaking.

Digdir sin «kraftpakke» av infrastruktur og fellesløysingar, universell utforming og brukskvalitet, stimuleringstiltak, kunnskap og rettleiing har eit enormt potensial. Løysingane på eID-området er «nøkkelen i døra» for svært mange brukarar.

Universell utforming er ein føresetnad for at mange i det heile kan oppleve likeverdig samfunnsdeltaking med tilgang til informasjon, varer og tenester via internett. Grundig innsikt i brukarbehov, brukarmedverknad og forvaltning skal sikre ei digitalisering der mangfald er eit avgjerande premiss.

Felles innsats

Vi er i gang. Digdir samordnar innsatsen sin gjennom ei tverrgåande arbeidsgruppe med deltaking frå alle fagavdelingane. Som på så mange andre område, handlar det ikkje «berre om pengar», men også om kunnskap og haldningar, leiing og organisering, systematisk arbeid og oppfølging.

Men her kan vi ikkje «vere oss sjølve nok». Heller ikkje er det nok å samarbeide på tvers i forvaltninga. I samarbeidsforumet for oppfølging av handlingsplanen skal frivillige organisasjonar, næringslivet og offentleg sektor koordinere felles innsats.

Dette handlar ikkje berre om praktikalitetar. Å kunne delta i samfunnet på likeverdige vilkår er eit overordna mål og framfor alt ein demokratisk rettigheit.

Å sikre ei brei tilknyting til og deltaking i offentlegheita er ein viktig føresetnad for ytringsfridommen. Det same gjeld tiltak mot desinformasjon. Denne handlingsplanen bidrar derfor også til å følgje opp nokre av vurderingane og tilrådingane i Ytringsfridomskommisjonen si utgreiing (NOU 2022: 9), som vart overlevert til Kultur- og likestillingsministeren 15. august 2022. Til dømes vert tiltak som dreier seg om universell utforming og tiltak som fremjar kritisk medieforståing også tilrådd av Ytringsfridomskommisjonen.

Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Rygg er direktør for Tilsynet for universell utforming av ikt i Digdir – Uu-tilsynet. Tilsynet har ansvar for å følge opp forskrift om universell utforming av ikt-løsninger, knyttet til likestillings- og diskrimineringsloven. Tilsynet er ti år i 2023 og har som visjon et samfunn uten digitale barrierer. Rygg er jurist med erfaring fra blant annet Konkurransetilsynet og har tidligere jobbet som advokat og dommer. Hun er også leder for Strategic Advisory Group on Accessibility (SAGA), som er en strategisk rådgivningsgruppe som skal arbeide med å inkludere universell utforming i alt relevant standardiseringsarbeid på europeisk nivå.

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
5 + 10 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.