Hopp til hovudinnhald

Open Data Maturity 2022

Open Data Maturity-rapporten for 2022 måler utviklinga i europeiske land innanfor feltet opne data. Norge hamnar utanfor kategorien til dei beste landa, og er plassert på ein 10. plass.

Denne rapporten forsøker å støtte landa for betre å forstå eiga utviklingsnivå, å fange framgangen over tid, å finne nye områder for utvikling og å måle dette opp mot andre land. I tillegg gir rapporten en oversikt over beste praksisar som er implementert i Europa, som er overførbare til andre nasjonale og lokale samanhengar.

Rapporten måler modninga med grunnlag i fire opne data-mål:

  • Politikk og retningslinjer: med fokus på retningslinjer og strategiar i kvart land
  • Effekt: aktivitetar for å overvake og måle gjenbruk av opne data
  • Portal: vurdering av funksjonar og tenester i portalar som let brukarar finne fram til opne data via den nasjonale portalen og støtter samspel innanfor opne data-samfunnet.
  • Kvalitet: med fokus på mekanismar som sikrar kvalitet på (meta)data

Årets vurdering av open datamodenheit vert kjennemerka av tre tendensar

  • EU-landa, og dei andre landa som er inkludert i rapporten, er godt forberedte på å innføre reglar for store og verdifulle datamengder.
  • Det prioriteras å måle effektar av opne data, men det er ei stor utfordring over heile Europa.
  • Landa står overfor både nye og gamle felles utfordringar i tida etter koronapandemien.

Resultata for 2022

Ein metoderevisjon har medført ei lita nedgang i den gjennomsnittlege samla poengsummen for landa. Gjennomsnittleg poengsum for open data-modenheit er på 89 prosent. Dette er to prosentpoeng lågare enn i 2021.

Norge ende på ein 10. plass, opp frå 13. plass i 2021. Vi får ei samla poengsum på 89 prosent, mot 91 prosent i fjor. Vi er plassert i hurtigløparar-kategorien i modningsskalaen, der dei fire kategoriane er nybyrjarar, følgjarar, hurtigløparar (fast-trackers) og trendsettarar.

  • I dimensjonen for portal har vi høgast grad av modenheit, med ein poengsum på 95 prosent. Dette er ein auke på 7 prosent frå i fjor.
  • Når det gjeld politikk og retningsliner får vi ein poengsum på 87 prosent, ein nedgang frå 92 prosent i 2021.
  • Årets poengsum for modenheit når det gjeld effektar er 83 prosent. Det er ein liten nedgang på 8 prosent i samanlikna med fjorårets resultat.
  • Det er lite endring i dimensjonen kvalitet. Her går vi berre ned frå 93 prosent til 92 prosent, og endte på ein tredjeplass samanlikna med dei andre landa.