Hopp til hovudinnhald

Både store og små kommunar har høgare ambisjonar og blir stadig betre på digitaliseringsfeltet, men mangel på IT-kompetanse hemmar utviklinga.

Flyfoto av Balestrand i Vestland
Dei store kommunane ligg i front på digitaliseringsfeltet, men dei små kommunane er også med. Fleire små kommunar har fått på plass ein digitaliseringsstrategi og sett i gang arbeid med IKT-prosjekt. Bildet viser Balestrand i Sogndal kommune.
Foto: Shutterstock

Det går fram av ein ny rapport frå SSB og Digitaliseringsdirektoratet som kartlegg utviklinga frå 2018 til 2022. På dei fleste områda er utviklinga positiv, inkludert den overordna prioriteringa av digitaliseringsarbeidet og bruken av intern digital kompetanse.

Når det kjem til digitale innkjøp, bruk av skytenester, og enkle, innloggingsbaserte digitale tenester, er dette område der kommunane i stor grad baserer seg på system og løysningar frå eksterne leverandørar.

– For å ta det neste steget i utviklinga, for eksempel for å utvikle et meir samanhengande digitalt tenestetilbod, vil kommunane truleg måtte finne nye måtar å jobbe på. Viktig stikkord blir da betre samhandling med andre offentlege aktørar, auka deling og gjenbruk av data, og meir interne ressursar med digitaliseringskompetanse, seier seniorrådgivar Ragnar Brevik i Digdir, ein av forfattarane bak rapporten

Store kommunar i front

Analysen viser at det er fleire kommunar som har ein digitaliseringsstrategi i 2022 samanlikna med 2018. Strategiane har vorte meir omfattande over tid, og det er venta at arbeidsoppgåvene til tilsette i høgare grad blir påvirka av IKT-prosjekt i åra som kjem.

Ikkje overraskande viser rapporten at store kommunar ligg i fronten når det gjeld å sjå på moglegheitene for bruk av avansert teknologi som robotisering og kunstig intelligens.

Men dei små kommunane er også med. Fleire små kommunar har fått på plass ein digitaliseringsstrategi, sett på dagsorden implementering av meir avanserte teknologiar og sett i gang arbeid med IKT-prosjekt.

Manglande kompetanse

Men kommunane en fortsatt mykje meir aktive når det gjeld å bruke digitale tenester enn dei er til å tilby slike tenester. Manglande kompetanse bremsar mange kommunar, viser rapporten.

Vi ser også at rekrutteringsproblema i kommunane aukar kraftig. I 2018 var det kvar tredje kommune som hadde problem med å rekruttere folk med ønske IKT-kompetanse, og i 2022 litt over halvparten. Nye tal frå 2023 viser at dette no gjeld tre av fire kommunar, så her går utviklinga i feil retning, seier Ragnar Brevik.

I 2022 svarte 5 av 10 kommunar at manglende kompetanse i svært stor eller ganske stor grad hadde vore til hinder for utviklinga av kommunens digitale tenester. I 2018 var denne delen lik 42 prosent. Alle kommunar inkludert dei største har også fått mykje større utfordringar med rekruttering i 2022 enn i 2018.

Sjekk den digitale tilstanden i din kommune

På SSBs sider kan du sjå eit kart som viser eit sett av indikatorar som gjenspeiler tre hovudtema knytt til digitaliseringsprosessen, nemleg digital prioritering, digital kompetanse og digital aktivitet.

Meir kommune-statistikk

Samarbeidsportalen kan du sjå oppdaterte nøkkeltal og statistikk som viser kommunane sin utbreiing og bruk av fellesløysingane. Statistikken blir oppdatert kvar måned.

Kontakt

Ragnar Brevik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99717679