Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Klart språk
Tid:
Fredag 10. desember kl. 11:00–12:00, 2021
Stad:
Digitalt

Snart klar? No kjem klarspråksparagrafen! Nettseminar om § 9 i språklova

Med klarspråksparagrafen i språklova får det offentlege plikt til å kommunisere klart. Velkommen til lovfest!

Språklova gjeld frå 1. januar 2022. Paragraf 9 slår fast at offentlege organ skal kommunisere på eit språk som er klart, korrekt og tilpassa målgruppa. Men kva betyr det for deg? Kva kan du, og kva må du?

Sverige har hatt språklov med klarspråksparagraf i over ti år. Ingrid Olsson frå det svenske Språkrådet førebur oss på kva vi har i vente.

Margrethe Kvarenes, som er presidenten i Plain Language Association International (PLAIN) og seksjonssjef i Språkrådet svarar på kva klarspråk er, og kva klarspråksparagrafen vil bety i praksis.

Tonje Bruun viser oss kva Utlendingsnemnda (UNE) har gjort for tilpasse tekstar målgruppene sine. For dette arbeidet vann UNE klarspråksprisen for 2018.

Språkdirektør Åse Wetås set klarspråksparagrafen i samanheng med den heilskaplege språkpolitikken og dei andre paragrafane i språklova.

Ifølge lova skal du også skrive korrekt. No kan du lære deg kommareglane ein gong for alle, for Språkrådets kommaekspert, Erlend Lønnum, held minikurs.

Digitaliseringsdirektoratet, KS og Språkrådet samarbeider om ei rekke digitale klarspråktreff. Treffa er gratis og opne for alle.

Kontakt

Ann-Elisabeth Hammer

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 95 86 80 62