Digitaliseringsminister Karianne Tung delte ut prisen under tirsdagens fagkonferanse «Språk, beredskap og KI – Klart språk for ei tryggare framtid». Statsråden roser vinnaren Skatteetaten for langsiktig arbeid med klarspråk.
– Klarspråksarbeid handlar om meir enn å ivareta språket vårt. Det handlar om å ivareta demokratiet, det handlar om å gi gode forståelege tenester til innbyggarane våre og det handlar om å gi folk ein enklare kvardag å forhalde seg til,

Systematisk og kontinuerleg arbeid i mange år
Årets vinnar har over mange år arbeidd systematisk og kontinuerleg med å gjere klarspråk til ein del av verksemda si gjennom å lære opp nytilsette og involvere brukarane i testing av mange slag. Klarspråksarbeidet har vore metodisk, målretta, og forankra i leiinga, som har teke eit synleg og tydeleg ansvar, seier juryen i grunngjevinga si for kvifor Skatteetaten vinn klarspråksprisen.
Strategien deira er at «vi skal møte næringsliv og innbyggar på ein slik måte at det blir enklare å gjere det rette og vanskelegare å gjere feil». Då må folk forstå både kva dei skal gjere, og kvifor dei skal gjere det – og statsorganet må forstå folk. Slik bygger etaten tillit som er naudsynt i samfunnet vårt.
Klarspråksarbeidet deira er med andre ord ein viktig del av grunnlaget for både demokratiet og velferdsstaten.
Kommunikasjonsdirektør i Skatteetaten, Astrid Bugge Mjærum, tok imot prisen:
– Noko av grunnen til at vi får til dette, er at klarspråk er implementert i strategien vår. Det skal vere enkelt å gjere lett og vanskeleg å gjere feil. Vi har også eit målbilde for brukaroppleving som seier at folk skal få vite, finne, forstå og få til. Fordi klarspråk handlar om at folk skal klare å bruke tenestene våre. Vi må forstå folk og folk må forstå oss. Jobben for fellesskapet gjer vi i fellesskap. No kjem heile Skatteetaten til å juble.

To prisar - ein vinnar
Klarspråksprisane går til aktørar i offentleg sektor som gjer ein ekstraordinær innsats for å sikre klart språk i tenestene. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet deler vanlegvis ut to klarspråksprisar, ein til ei statleg verksemd og ein til ein kommune. Skatteetaten får «Klarspråksprisen for staten», medan ingen vann «Klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar» i år. Det var rett og slett for få kvalifiserte kandidatar. Juryen oppmodar kommunar og fylkeskommunar til å nominere fleire kandidatar til prisen neste år. Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung sa, «eg veit det føregår mykje bra arbeid i kommunane, så då er det jo ekstra hyggeleg å få ein klapp på skuldra, slik denne prisen er.
Ho trekte fram to gode døme på verksemder som har systematisert arbeidet med klarspråk. Digdir og KS har innarbeidd retningslinjer for klarspråk og innhald i Designsystemet. Dette er ei felles verktøykasse som skal sikre meir brukarvennlege digitale, offentlege tenester. Målet er heilskaplege, brukarvennlege og tilgjengelege opplevingar av digitale tenester på tvers av ulike etatar.
Det andre dømet er eit prosjekt som KS driv i samarbeid med det regionale digitaliseringsnettverket DigiVestland, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fleire kommunar. Prosjektet heiter «Barneverntekster i klart språk». Dei utviklar felles standardtekstar for barnevernet i fagsystema for alle kommunar i landet, tilgjengelege på bokmål, nynorsk og samisk. Digitalisering i barnevernet skal gi brukarane innsyn i eiga sak. Det bidreg til at vi som innbyggjarar får tillit til tenestene og innhaldet i desse.