Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Klart språk
  • Digital samhandling
Tid:
Onsdag 15. mai kl. 09:00–12:00, 2024
Stad:
Økern Portal, Oslo
Påmeldingsfrist:
Måndag 13. mai kl. 12:00, 2024

Digitaliseringsdirektoratet, KS og Språkrådet inviterer til fagseminar om klarspråk og deltaking i samfunnet – med utdeling av klarspråksprisane! Statsråd Karianne Tung kjem for å dele ut prisane, og vinnarane av klarspråksprisane kjem for å fortelja korleis dei har lukkast med klarspråksarbeidet.

Vi les mindre for barna våre enn før, og leseferdigheitene i skulen går nedover. Kan det føre til meir utanforskap og mindre deltaking? Trine Skei Grande, administrerande direktør i Den norske forleggerforeininga, reflekterer rundt lesing, leselyst og leseevner.

Hausten 2023 var det kommuneval i Noreg. NRK hadde eit eige valprosjekt der dei jobba med å integrere NRKs store språkoppdrag i valinformasjonen. Prosjketet vnn kringkatsingssjefens språkpris, og juryen skriv mellom anna at " å kunne bruke sitt eget språk i det samfunnet vi bor i, handler om tilgang til demokrati og deltakelse for hver enkelt av oss" Høyr meir om korleis NRK arbeidde med klart og forståeleg språk på alle plattformar.

Forfattar Maria Kjos Fonn fortel korleis det er å vera mottakar av offentlege tekstar som kan utøve makt. Korleis kjennest det å bli vurdert av ein behandlar, og korleis kan ein behandlar skrive tekstar utan å dømme eller passere ansvaret hjå pasienten?

Programmet blir leidd av forfattar og samfunnsdebattant Irene Kinunda Afriyie. Afriyie er mellom anna gjestekommentator i Bergens Tidende, og ho er kjent for kampanjen "Irenes valg" der ho oppmoda folk til å bruke stemmeretten i stortingsvalet i 2021.

Når programmet er over blir det servert ein lett lunsj.

Arrangementet blir og strøyma: Du er velkommen til å delta digitalt eller ved fysisk oppmøte i Digdirs møtesenter på Økern Portal i Oslo. Gratis deltaking.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Språkrådet, KS og Digitaliseringsdirektoratet.

Program

  • Velkommen
    v/ordstyrar Irene Kinunda Afriyie, forfattar og samfunnsdebattant
  • Leseferdigheitene i skulen går nedover. Kan det føre til meir utanforskap og mindre deltaking?
    v/Trine Skei Grande, administrerande direktør i Den norske Forleggerforeininga
  • Kven vinn klarspråksprisane? Kåring av vinnarar og prisutdeling
    v/Karianne Tung, digitaliserings- og forvaltningsminister
  • Panelsamtale med Digdir, KS, Språkrådet og Digdir
    v/Karianne Tung, gigitaliserings- og forvaltningsminister, Åse Wetås, direktør i Språkrådet, Kristin Weidemann Wieland, områdedirektør for forskning, innovasjon og digitalisering i KS og Onar Aanestad, kommunikasjonsdirektør i Digdir
  • Lær meir av vinnarane
    Kort helsing v/ vinnarane frå kommune
    Kort helsing v/ vinnarane frå stat
  • Slik brukar vi klarspråk for å styrke demokratiet
    v/ Geir Bjarte Hjetland, vaktsjef og journalist i NRK
  • Kasusrapportar
    v/Maria Kjos Fonn, forfattar
  • Avsluttande innlegg
    v/Irene Irene Kinunda Afriyie, forfattar og samfunnsdebattant
  • Lunsj og avslutting av sendinga

Gratis deltaking. Arrangementet vert òg strøyma. Lenke vil bli sendt påmeldte deltakarar i forkant av arrangementet.

Klarspråk.no er eit samarbeid mellom Språkrådet, KS og Digitaliseringsdirektoratet

Kontakt

Maria Caterina Christensen Torbjørnsdal

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 91818774