Hopp til hovudinnhald

Med innovasjonsprosjektet Perpetuum mobile har Nittedal kommune involvert innbyggjarar, næringsliv og tenesteytarar i å finne nye transportløysingar som er attraktive alternativ til privatbilen.

Verksemd: Nittedal kommune

Leverandør: Halogen og Rambøll

Behovet som skal dekkjast

Nittedal kommune er ein gjennomsnittleg stor kommune som ligg i nærleiken av Oslo og er ein del av Viken fylke. Nittedal har i dag 24200 innbyggjarar og ein god befolkningsvekst på om lag 1,7 %.

Tilbringartransport til sentrale offentlege og private bygningar og aktivitetar er svært avgrensa. Det fører til at bruk av privatbil er svært utbreidd, noko som fører med seg kapasitetsproblem knytte til parkering ved blant anna rådhuset, togstasjonen, innfartsparkeringar med fleire. Topografien i dalføret gjer at motorisert transport (i ei eller anna form) for mange er det einaste relevante alternativ. Målet med prosjektet Perpetuum mobile var å skape eit miljøvenleg, fleksibelt og attraktivt alternativ til privatbilbruk i Nittedal kommune.

Om prosjektet

Eit godt samspel mellom fleire aktørar for å oppnå brukar- og samfunnsnyttige mobilitetsløysingar, er avgjerande. Dette gjeld særleg når kommunar ønskjer å skape eit innovativt handlingsrom. Det er relevante aktørar både innan forvaltninga, næringslivet og frivilligheita (3. sektor). Gjennom prosjektet Perpetuum mobile - Reis no, er det kartlagt eit rikt bilete av innbyggjarane sine individuelle mobilitetsbehov, samtidig med at det er formidla kontakt mellom kommunen og ei rekkje relevante og innovative mobilitetsaktørar.

Det gjev gevinstar for brukarane, kommunen og samfunnet generelt å velje smart mobilitet – framfor bruk av eigen bil.

Resultat

Prosjektet vart gjennomført i perioden februar 2019 – februar 2020. I prosjektet, vart det skildra 10 hovudfunn. Dette er funn og innsikt om kva som kjenneteiknar og påverkar mobilitet i Nittedal. Funna er knytte til Nittedal som stad, og til innbyggjarar sine haldningar og erfaringar. Det kom fram at aktivitet er viktig for nittedølingar og at ein aktiv livsstil var noko som kunne inspirere det vidare arbeidet i prosjektet.

Det vart gjennomført ein pilot, «Min elsykkel», som er ei teneste som senkar terskelen for anskaffing av elsykkel. Gjennomføringa av ein praktisk pilot støtte på nokre utfordringar, og vart sterkt påverka av koronasituasjonen. Det vart derfor gjennomført ein kvalitativ pilot ved å teste og verifisere eit tenestekonsept for «min elsykkel» blant innbyggjarar, organisasjonar og leverandørar. Piloten stadfesta potensial for tilgjengeleggjering og bruk av elsykkel og andre elektrifiserte køyretøy i Nittedal, samtidig som det viste at leasing bør supplerast med andre tilbod.

Det er kome tilrådingar på samfunns- og systemnivå, tenestenivå og individ- og innbyggjarnivå.