Begrip begrepene!

Digitaliseringsdirektoratet og Språkrådet har saman laga eit e-læringskurs i omgreps- og terminologiarbeid. Kurset gir ei enkel innføring i omgrepsanalyse, definisjonsskriving og termdanning og termval.

«Begrip begrepene!» er eit grunnkurs i omgreps- og terminologiarbeid. Kurset inneheld animasjonsfilmar, teikna illustrasjonar, tekstforklaringar og øvingar. I kurset lærer du å analysere omgrep, skrive definisjonar og lage gode termar. Du får òg vite litt om korleis du kan organisere arbeidet med omgrep og terminologi.

Målgruppene er tilsette i offentleg forvaltning og i universitets- og høgskolesektoren som arbeider med å skrive definisjonar eller lage norske termar, men det er sjølvsagt fritt fram å ta kurset for alle som ønskjer det.

Kurset er gratis, og det tek ca. 45 minutt å gjennomføre heile kurset.

Ta kurset her.https://laeringsplattformen.difi.no/kurs/971527404/begrip-begrepene-et-innforingskurs-i-terminologi-og-begrepsarbeid

Introduksjonsvideo til Begrip begrepene!