Frukostseminar om finansieringsmogelegheiter frå Digdir som skulle haldast den 6. desember kl 8.30-11.00 blir dessverre utsette. Me planlegg å gjennomføra arrangementet i januar 2024, og ny dato vil bli publisert her så snart det er klart.
Kom på frukostseminar for å høyre om ulike finansieringsmoglegheiter frå Digdir og få svar på spørsmål. Du får høyre om Medfinansieringsordninga, Stimulab og Digital Europa-programmet.
I februar er det frist for å søkje om støtte frå medfinansieringsordninga og Stimulab. Vi inviterer derfor alle interesserte til eit frukostmøte på Økern Portal NY DATO KJEM, frå kl. 9.00 til 11.00. Det blir frukost, kaffi og registrering frå kl. 8.30.
Oppfyller du krava? Få ein kort introduksjon.
Du vil få nokre korte innleiande presentasjonar om medfinansieringsordninga og Stimulab. I tillegg vil du få informasjon om korleis Digdir kan hjelpe til med finansiering frå EU gjennom Digital Europa-programmet.
Medfinansieringsordninga
Gjennom medfinansiering kan statlege verksemder og eventuelle samarbeidspartnarar få dekka delar av prosjektkostnaden til samfunnsøkonomisk lønnsame digitaliseringstiltak. Både små og mellomstore tiltak i sektorane, og tiltak på tvers av sektorar som støttar opp under regjeringa sin digitaliseringsstrategi, kan få medfinansiering. Det er berre statlege verksemder som kan søkje om medfinansiering, men kommunar og andre kan samarbeide om prosjekta.
Stimulab
Gjennom Stimulab skal Digitaliseringsdirektoratet og DOGA stimulere til offentleg innovasjon frå eit brukarperspektiv. Vi støttar statlege og kommunale verksemder som vågar å tenkje nytt om roller og system, og som er villige til å endre desse for å levere betre tenester til brukarane.
Digital Europa
DIGITAL Europa-programmet (2021–2027) er EU sitt investerings- og kapasitetsbyggingsprogram for digital omstilling og bruk av innovative digitale teknologiar i samfunn og næringsliv. Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg som programland i DIGITAL på lik linje med medlemslanda i EU.
Erfaringar frå søkjarar
I tillegg til informasjon frå Digdir, får du også ei innleiing frå Helsedirektoratet som har fått støtte frå både Stimulab og Medfinansieringsordninga med sitt prosjekt «Enklere tilgang på informasjon», som er knytt til livshendinga Alvorlig sykt barn.
Vi gir deg direkte rettleiing
Vår erfaring er at verksemdene som ønskjer å søkje om finansiering får best utbytte av direkte rettleiing. Vi set derfor av mykje av tida til mingling. Her kan du få svar på små og store spørsmål, ta opp konkrete problemstillingar, avtale ein-til-ein-rettleiingsmøte og liknande.
Du kan berre delta fysisk
Det vil ikkje vere mogleg å følgje seminaret via strøyming. Ta kontakt med oss om du ikkje kan delta fysisk. Vi avtaler eige møte viss du har spørsmål om ordningane.
Vi gler oss til å sjå deg på Økern Portal 6. desember!