Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Fellesløsninger
  • eInnsyn
  • Altinn
Tid:
Måndag 13. november kl. 09:00–onsdag 15. november kl. 14:00, 2023
Stad:
Clarion Hotel The Hub, Oslo

Sikri arrangerer Treffpunkt 2023 på The Hub, Oslo 13. – 15. november. Digdir bidreg inn i fleire sesjonar og er også å finne på stand.

Måndag 13. november er det det kurs og fagforum.

På Fagforum stat deltek Steinar Henriksen frå Digdir. Her blir det dialog og erfaringsutveksling på tvers av etater.

Tysdag og onsdag er det både felles sesjonar og ulike parallelle spor.

Tysdagen bidreg Digdir ved Bodhild Therese Cirotzki som snakke om eInnsyn og Finnur Olafsson som skal snakke om Altinn Studio.

Onsdagen bidreg Digdir ved Tom D. Nesvåg som skal snakke om Kva tilsyn eigentleg er.

Møt Digdir på stand

Under heile konferansen stiller vi med Digdir-stand og vi vil gjerne kome i kontakt med og bli kjend med fleire av dei som er på konferansen.