Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Digitaliseringskonferansen
  • Digitalisering og samordning
  • Digdir
  • Kunstig intelligens
  • Datadeling
  • Digital samhandling
  • Digitalisering og samordning
  • Fellesløsninger
  • Informasjonsforvaltning
  • Informasjonssikkerhet
  • Rikets digitale tilstand
  • Sammenhengende tjenester
  • Universell utforming
  • Internasjonalt arbeid
Tid:
Tysdag 12. mars kl. 13:00–13:50, 2024
Stad:
Digitalt møte
Påmeldingsfrist:
Tysdag 12. mars kl. 13:00, 2024
Kontaktperson:

Dersom du vil vere utstillar på Digitaliseringskonferansen 2024 kan du få meir informasjon på dette møtet. Årets konferanse vert arrangert på Clarion Hotel The Hub i Oslo 18. juni - 19. juni. Over halvparten av utstillarplassane er allereie reserverte. NB! Påmelding på dette møtet sikrar deg ikkje plass som utstillar.

Dersom du også vil sikre deg utstillarplass allereie no, ta kontakt med Ole Petter Heggestad: ole.petter.heggestad@digdir.no

Takta på digitaliseringa trappast opp, med ny digitaliseringsminister og nytt departement frå nyttår. Arbeidet med ny digitaliseringsstrategi pågår for fullt. Korleis skal det digitale Noreg sjå ut i 2030?

Digitaliseringskonferansen er Noregs viktigaste møteplass for dei som jobbar med digitalisering i offentleg, privat og frivilleg sektor. Tema for konferansen i 2024 blir den nye digitaliseringsstrategien.

Dette utstillarmøtet er aktuelt både for dei som allereie har tinga plass på konferansen og for dei som vurderer å gjere det.

Tentativ agenda for informasjonsmøtet

  • Kort om Digitaliseringskonferansen 2024: Årets hovedtema, program og fagspor
  • Kva for mogelegheiter konferansen gir deg som utstillar til å byggje nettverk
  • Erfaringar frå fjorårets konferanse
  • Overnatting, middag og praktisk informasjon
  • Diverse informasjon til deg som utstillar: pris, størrelse på stand, format, rigg mm
  • Dialog om, og innspel til våre foreløpige tankar om desse to dagane

Vi håpar å sjå deg der, vel møtt!

Kontakt

Ole Petter Heggestad

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 95 24 21 59