Hopp til hovudinnhald

Digitaliseringsdirektoratet inviterer deg til å føreslå kandidatar som bidreg til å realisere regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi. Vinnaren vert kåra på Digitaliseringskonferansen 31. mai.

03. februar 2023

Det ligg ei klar forventning frå regjeringa om at offentleg forvaltning skal utnytte moglegheitene som gir gode tenester for brukarane og samstundes effektivisere forvaltninga. På Digitaliseringskonferansen vil dei som har lukkast best med å møte desse forventningane få heider og ære for sitt arbeid.

Fristen for å foreslå kandidatar til prisen gjekk ut 17. mars.

Juryleiar Olav Skarsbø håpar på å få inn mange forslag også i år, slik at juryen får litt å bryne seg på.

– Denne prisen er viktig. Gjennom Digitaliseringsprisen ønskjer vi å løfte fram dei beste prosjekt og dei som har utmerka seg og som viser veg. På konferansen vil den eller dei som har lykkast best få heider og ære for sitt arbeid, seier Skarsbø.

Kriteria som vert lagt til grunn

  • Bidrar til å realisere regjeringas digitaliseringsstrategi
  • Ei samarbeidsløysing der ei eller fleire offentlege verksemder er tenesteeigar(ar), og utviklinga må gjerne vere resultat av samspel mellom offentlege og private aktørar
  • Kan vise til nyskaping, innovasjon, verdiskaping og berekraft
  • Brukarorientert og bidrar til ein enklare digital kvardag
  • Deler og bruker data på ein god måte 
  • God bruk av nasjonale fellesløysingar
  • Kan vise til klare gevinstar og/eller eit høgt gevinstpotensial

Dette er juryen

Ein jury leia av Digitaliseringsdirektoratet vil velje ut tre finalekandidatar. Desse blir presentert på konferansen, og sjølve kåringa av årets digitale suksesshistorie vert gjort av deltakarane på konferansen ved ei digital avstemming.

F.v. Liv Dingsør, dagleg leiar i Digital Norway, Ingvild Berlin Kalleberg, styreleiar i Den norske dataforening, Øystein Eriksen Søreide, administrerande direktør i Abelia, Øyvind Husby, administrerande direktør i IKT-Norge, Kristin Weidemann Wieland, områdedirektør i KS og Olav Skarsbø, juryleiar frå Digdir.
F.v. Liv Dingsør, dagleg leiar i Digital Norway, Ingvild Berlin Kalleberg, styreleiar i Den norske dataforening, Øystein Eriksen Søreide, administrerande direktør i Abelia, Øyvind Husby, administrerande direktør i IKT-Norge, Kristin Weidemann Wieland, områdedirektør i KS og Olav Skarsbø, juryleiar frå Digdir.

Hugsar du kven som vann Digitaliseringsprisen i fjor? TISK IKT-samarbeidet var eit ektefødt barn av pandemien, og viste korleis ti verksemnder gjekk saman om å levere digitale tenester og løysingar slik at både helsevesenet, forvaltinga, innbyggarar og samfunnet for øvrig kunne handtere pandemien på beste måte.

Kontakt

Olav Skarsbø

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90993462