Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Digital lommebok
  • Digital identitet
Tid:
Tysdag 17. mars kl. 11:00 – onsdag 18. mars kl. 14:00, 2026
Stad:
Sogndal

På eIDAS-konferansen 2026 samlar vi verksemder i offentleg og privat sektor til landets viktigaste arena for å diskutere digitale lommebøker og elektronisk identifikasjon (eID). Kva gevinstar kan lommeboka gi for innbyggjarar og di verksemd?

Noreg skal i likheit med resten av Europa innføre eIDAS-forordninga og digitale lommebøker. Kva betyr dette for oss, og kva nye mogelegheiter opnar seg? Målet med konferansen er å sikre at Noreg er godt budde på å ta i bruk lommebokteknologien innan 2030.

Tema

· Betydninga av eIDAS og digitale lommebøker for Noreg

· Nye mogelegheiter, nye forretnings- og tenestemodellar

· Praktiske eksempel på bruk av lommeboka

· Lær korleis verksemder kan ta i bruk den nasjonale sandkassen for digital lommebok for å utforske og teste tenester i eit lukka og trygt testmiljø

Innleiarar og program

Høyr frå ekspertar frå Europakommisjonen, EUs storskalapilotar, norske marknadsleiande selskap, og Digdir sine spesialistar på eID. I tillegg vil andre nasjonale myndigheiter bidra med verdifulle innspel.

Konferansen inkluderar også arbeidssesjonar der offentlege og private aktørar kan utveksle erfaringar og diskutere utfordringar spesielt knytta til den nye forordninga.

Kven bør delta?

Offentlege og private verksemder og frivilligheita i Noreg inviterast til å utforske moglegheitene med eIDAS. Vi legg særskilt vekt på deltaking frå regional universitets- og høgskulesektor, næringslivet og lokale myndigheiter for å byggje forståing og fremje diskusjonar om næringsutvikling basert på innføring av framtidas digitale identiet.

Praktisk informasjon

Konferansen er gratis og finn stad i Sogndal kommune, i Vestland fylke 17.-18. mars 2026. Påmelding kjem! Deltakarar må sjølve dekke reise og opphald.

Kontakt

Bård Lorens Hage Basberg

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 91 14 26 85