Hopp til hovedinnhold

Heim til jul - rekrutteringssamling på Campus

Emner:
  • Digdir
Tid:
torsdag 22. desember kl. 16:00–19:00, 2022
Sted:
Fosshaugane Campus / Sogn Næring, Sogndal

Kjem du heim til Sogn til jul? Den 22. desember inviterer vi utflytta sogningar til eit hyggeleg og uformelt treff på innovasjonsbygget på Campus Sogndal.

Møt gamle (eller nye) venner og bli samtidig kjend med kva arbeidsplassar, fagmiljø, offentlege og private verksemder som er i vinden i distriktet. Har du utdanning og erfaring innan fagområdet IT, er du særleg velkommen.

Dersom du dukkar opp med ditt kloke hovud, stiller vi med mat og drikke og god stemning!

Heim til jul i Sogndal er eit samarbeid mellom Sogn Næring, Digdir, Deloitte og Vestland fylkeskommune (fagområde IT).

Les meir om arrangementet og meld deg på her.

Sjå også arrangement på Facebook her.