Hopp til hovudinnhald

Frode Danielsen (43) blir konstituert i stillinga som direktør for Digitaliseringsdirektoratet fram til Kommunal- og distriktsdepartementet har tilsett ny direktør. Danielsen tek over for avtroppande direktør Steffen Sutorius 15. november.

25. oktober 2022
Frode Danielsen, Digdir
Frode Danielsen blir konstituert direktør i Digdir frå 15. november 2022.
Foto: Are Kvistad/Digdir

Frode Danielsen er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Danielsen kjem frå stillinga som avdelingsdirektør for fellesløysingar som har kontor i Leikanger der han i ei årrekke har bidratt i oppbygginga av eit sterkt og leveransedyktig fagmiljø for utvikling og forvaltning av løysingane. Han var også sentral i arbeidet med etableringa av det nye direktoratet i 2020.

- Eg har sagt ja til å ta direktørstillinga for ein periode fordi eg er trygg på organisasjonen og kjenner dei fleste medarbeidarane mine i Digdir. Leveransane spesielt dei siste åra har vist at fagmiljøa våre både har kompetanse og gjennomføringskraft som heile offentleg sektor nyt godt av, seier Danielsen.

Stø kurs

Han legg vekt på at det pågåande arbeidet i Digdir vil halde stø kurs og god fart framover.

- Vi står midt i eit viktig moderniseringsarbeid for fellesløysingane og Altinn som held fram. Dette er løysingar som fleire hundre offentlege verksemder nyttar kvar dag til beste for innbyggarar, arbeidsliv og frivillig sektor. Samtidig skal vi ivareta den strategiske premissgivarrolla vi har i offentleg sektor og vidareutvikle tilsynsverksemda. Vi treng trykk på digitaliseringsarbeidet, og heilt sentralt i dette arbeidet er realiseringa av digitaliseringsstrategien, seier Danielsen.

Takkar Sutorius

Han takkar avtroppande direktør Steffen Sutorius for tett og godt samarbeid over fleire år.

- Under leiing av Steffen har vi fått eit nytt og sterkare direktorat på plass som legg viktige premiss for digitaliseringa av forvaltninga og spelar ei nøkkelrolle i utvikling og drift av mange digitale tenester. Vi veit at dette gir store samfunnsgevinstar og skapar ein enklare kvardag for både innbyggarar og verksemder, seier Danielsen.

Digdir er underlagt Kommunal- og distriktsdepartementet og er regjeringas fremste verktøy for raskare digitalisering av offentlig sektor. Direktoratet har 350 tilsette med kontor i Oslo, Leikanger og Brønnøysund.

Om Digdir

  • Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) vart oppretta 1. januar 2020. Det består av delar av tidlegare Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Altinn.
  • Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare digitalisering av offentleg sektor.
  • Direktoratet utviklar, driftar og forvaltar samfunnskritiske fellesløysningar som ID-porten, Altinn og registre som nyttast i digitale tenester frå det offentlege.
  • Direktoratet ivaretek strategisk samordning av digitalisering i forvaltninga og har både stat, kommunane, næringsdrivande, frivillig sektor og innbyggarane som målgrupper.
  • I Digdir inngår også Tilsynet for universell utforming av ikt.
  • Hovedoppgåver:
    • Legge premiss for digitalisering og heiskapleg informasjonsforvaltning i offentleg sektor
    • Koordinere tverrgåande digitaliseringstiltak
    • Tilrettelegge for utvikling av digitale tenester for innbyggarar, kommunar og næringsliv
    • Forvalte og vidareutvikle felleskomponentar og fellesløysingar
    • Ha ansvar for strategisk planlegging av videreutvikling av ein heilskapleg digital infrastruktur for offentleg sektor
    • Ivareta tilsyn for universell utforming av IKT
    • Bidra til utvikling og gjennomføring av regjeringas IKT-politikk, internasjonalt samarbeid og finansieringsprogram innan digitalisering.
    • Vere premissgivar for innovasjon i offentleg sektor
    • Følge opp klart språk i digitale tenester
  • Digdir har 350 tilsette med avdelingar i Oslo, Leikanger og Brønnøysund.

Kontakt

Steffen Sutorius

Direktør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 93 06 84 59

Frode Danielsen

Direktør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 91156063