Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 11. oktober kl. 09:00–11:00, 2023
Stad:
DIgitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I møtet den 11. oktober kl. 9 - 11 har vi følgjande tema:

09:00 «Det datadrevne politiet»

Politiet har ei enorm viktig rolle i samfunnet vårt for å ta vare på lov, orden og tryggleik, og data går som ein raud tråd igjennom alle delar av arbeidet til politiet som spenner seg frå dei mest kritiske situasjonane, til etterforsking, cyberkrim og førebyggjande arbeid. Politiet jobbar til alle døgnets tider, kvar einaste dag. Det blir generert store mengder data som kan vere vanskeleg å få oversikt over og ofte er tilgang til oppdaterte data avgjerande for å kunne løyse oppdraget til politiet. Bli med på denne presentasjonen og lær meir om korleis Politiets IT-eining jobbar med å skape IT-systema og produkta i framtida for eit politi der datadeling står sentralt, korleis vi tar vare på tryggleik i deling av data og korleis vi skal jobbe med å forstå data våre betre. Du vil også kunne lære meir om korleis vi kan byggje ny kunnskap av data og vi skal vise aktuelle case som du kan dra nytte av.

Presentert av Audun Vindenes Egge og Anthony Lærdahl

10:00 «Ein presentasjon av Termportalen»

Termportalen gir fri tilgang til norsk terminologi på ei lang rekkje fagområde via éi felles søkerute. Du kan søkje etter termar på tvers av domene, termbasar og språk. Termbasane er grupperte i overordna domene og du kan søkje etter termar anten i heile Termportalen, på eit spesifikt domene eller i eit utval av termbasane.

Felles omgrepskatalog er no søkbar i Termportalen og vi jobbar mellom anna med å sjå på korleis fag- og bruksområde i Omgrepskatalogen kan koplast til domeneinndelinga i Termportalen for best mogeleg søkeresultat for brukarane.

Presentert av Marita Kristiansen, fagleg leiar for Termportalen

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 11.10.2023 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!