Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 14. februar kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I neste møte har vi følgjande tema:

09:00 «Dialogporten - for å gjere offentlege dialogtenester tilgjengelege»

Som ledd i moderniseringa av Altinn blir det utvikla ei ny løysing - Dialogporten - som dannar grunnlaget for den nye meldingsboksen i Altinn. Løysingsarkitekt Bjørn Dybvik Langfors gir ei innføring i kva Dialogporten er, og korleis ho vil bidra til forenkling, samordning og modernisering av dialogen mellom offentlege styresmakter, næringsliv og innbyggjarar.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 07.02.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!

PRESENTASJONAR