Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 15. november kl. 09:00–11:00, 2023
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

i møtet onsdag den 15. november har vi følgjande tema:

09:00 «Software er framleis politikk»

Det største tekniske systemet i Nav er eit stormaskinsystem frå 70-talet. Nav har jobba i til saman 17 år med å skru det av. Ikkje berre har vi halde på lenge, men vi har også med jamne mellomrom - ca. kvart skotår - fått ekstraordinære løyvingar for å finansiere jobben. No er det siste prosjektet i planen ferdig, men systemet er framleis ikkje skrudd av. Denne presentasjonen skal fortelje kvifor - og også kvifor vi likevel er stolte av den jobben som er gjort.

På vegen kjem vi innom prosjektmodellen til staten, konsulentar vs. eigarskap, arkitektur og kode, etterleving av lovverk, systemutvikling vs. organisasjonsutvikling, smidig vs. Smidig

Presentert av Truls Jørgensen og Audun Fauchald Strand, NAV

10:00 «Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2023: Meir fart mot betre løysingar»

I årets erfaringsrapport, som er den åttande i rekka, ser Digitaliseringsrådet på kva konsekvensar smidige arbeidsformer får for organisering, styring og leiing, og korleis regjeringa og departementa må på bana for å sikra at offentleg sektor skal lukkast.

Presentert av Elin Oksavik, sekretariatsleder

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 15.11.23 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!