Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 01. november kl. 09:00–11:00, 2023
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I dette møtet har vi følgjande tema:

09:00 «Eit standardisert digitalt fellesskap»

Vigo IKS forvaltar ei betydeleg mengd med offentleg informasjon på vegner av alle fylkeskommunar og Oslo. Dette dekkjer viktige område som utdanning, samferdsle, arkiv, administrasjon, personal og økonomi. Det er avgjerande informasjon, som har mange interessentar i verksemdene, og som ein er avhengig av at flyt på tvers av fagsystem og arbeidsprosessar. Tidlegare opplevde fylkeskommunane at denne informasjonen var lite tilgjengeleg utanfor fagsystema sine, og at det har vore vanskeleg å samarbeide på tvers av fylkeskommunar som har ulike fagsystem. Som eit svar på dette laga vi ein felles informasjonsmodell. Informasjonen er tilgjengeleg via eit felles grensesnitt (API), uavhengig av ulike fagsystem. Resultatet er at fylkeskommunane no har all denne informasjonen tilgjengeleg på ein felles standardisert måte.

Presentert av Nils-Odd Solberg og Ole Anders Eidjord, Vigo IKS

10:00 «Ny Begrepskatalog»

Vi har tidlegare fått høyre litt om samarbeidet mellom Digdir, Skatteetaten og Brønnøysundregistera om å vidareutvikle Begrepskatalogen i Felles datakatalog. Denne gongen vil vi presentere resultat frå arbeidet og gi ein kort demo av det som er utvikla.

Presentert av Kjersti Stenerud Steien m.fl. frå Digdir

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 01.11.2023 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!