SIP (Session Initiation Protocol) er eIn standard for videokonferanse.
Standarden inngår i følgjande bruksområde:
Er SIP obligatorisk eller tilrådd?
Sjå tilhøyrande bruksområde for informasjon om når standarden skal brukast.
Kort om SIP
SIP er ein tekstbasert klient/tenar-protokoll som har store likskapsteikn med http. Standarden kan etablere, endre og avslutte multimediøkter (videokonferansar) over eit IP-nett. SIP er ein standard for videokonferanse.
Kvifor bruka SIP?
Det er ein standard som er moden, godt utprøvd og akseptert på marknaden. Utviklingsprosessen er open, transparent og ikkje-diskriminerande. Standarddokumenta er tilgjengelege.
Med eit krav om støtte for SIP ved innkjøp av utstyr for videokonferansar, treng ein ikkje ta omsyn til type videoutstyr ved gjennomføring av videokonferansar.
Fakta om standarden
Versjonsnummer: SIP - IETF RFC3261 (06/2002)
Type standard: Multimediakommunikasjon
Språk: Engelsk
Organisasjon: IETF The Internet Engineering Task Force