Noark er ein kravspesifikasjon for elektroniske arkivsystem.
Standarden gjeld for følgande bruksområde:
Er Noark obligatorisk eller anbefalt?
Gå til bruksområdet som standarden gjeld for (i boksen over), for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.
Kort om Noark
Noark er ein standard for arkivdanning som stiller krav til arkivstruktur, metadata og funksjonalitet. Noark skal kunne brukast for alle typar arkivdanning, uavhengig av teknologisk løysing og type organ. Alle formar for aktivitetar som skaper dokument som det er viktig å sørge for at vert oppbevart og kan finnast att i autentisk form, skal i prinsippet inngå i ei løysing for arkivdanning. Dette er heilt uavhengig av offentleg eller privat sektor, om dokumenta inngår i tradisjonell saksbehandling, kor mange år dei skal oppbevarast eller om dei skal avleverast til depotarkiv.
Noark 5 er den siste utgåva av Noark-standarden, og vart publisert sommaren 2008. Frå og med 18. desember 2018 har Noark 5 versjon 5 vore gjeldande versjon.
Noark set krav til:
-
informasjonsinnhaldet i systema (kva opplysningar som skal registrerast og finnast att)
-
datastrukturen i systema (utforming av data og relasjonen mellom dei)
-
funksjonaliteten i systema (kva funksjonar systema skal støtte)
-
brukargrensesnittet i systema (korleis systemet kommuniserer med brukarane)
Kvifor bruke Noark?
Noark 5 vart utforma basert på erfaringane med Noark 4 og endringane i saksbehandling og arkivdanning.
Fakta om standarden
Versjonsnummer: Noark 5 versjon 5
Type standard: Arkiv
Språk: Norsk
Organisasjon: Arkivverket