EPUB er eit ope, ikkje-proprietært filformat som er utvikla og haldt ved like av International Digital Publishing Forum (IDPF).
Standarden gjeld for følgjande bruksområde:
Er EPUB obligatorisk eller tilrådd?
Sjå tilhøyrande bruksområde for informasjon om når standarden skal brukast.
Kort om EPUB
EPUB er ei samansetjing av tre opne standardar – Open Publication Structure (OPS), Open Packaging Format (OPF) og Open Container Format (OCF), som høvesvis blir brukte til å beskrive, strukturere og pakke saman innhaldet.
Kvifor bruka EPUB?
Den grunnleggjande strukturen i EPUB er basert på XML. Teksten er flytande og tilpassar seg storleiken på skjermen/skrifta. Dette gjer at formatet er meir tilgjengeleg både for ulike lesareiningar (mobilar, lesebrett osb.) og for brukargrupper som treng tilrettelagd tekst (t.d. svaksynte). Dette står i motsetning til PDF, der formateringa tradisjonelt er fastsett. EPUB vil vere meir fordelaktig enn HTML for store dokument på grunn av betre høve til å formatere, strukturere og pakke innhaldet på ein formålstenleg og brukarvennleg måte.
Det er ingen kostnader, avgifter eller patentrettar knytte til bruk av standarden.
Fakta om standarden
Versjonsnummer: EPUB versjon 3.0.1
Type standard: E-bøker
Språk: Engelsk
Organisasjon:International Digital Publishing Forum