Hopp til hovudinnhald

Bruksområdet gjeld publisering av multimediainnhald på offentlege nettsider. Multimediainnhald er i denne samanhengen definert som skalerbar grafikk, bilete, lyd og video.

Ikkje lenger standard i Referansekatalogen.

Bruksområdet omfattar berre utveksling av multimediainnhald ved å publisere, ikkje på andre måtar som til dømes e-post.

Bruksområdet omfattar heller ikkje utveksling av helserelatert informasjon over nettet (til dømes røntgen), kartrelaterte data der ein nyttar standarden GML, animasjon, kunst og industridesign, samt interaktiv video (til dømes i samband med brukarstøtte).

Obligatoriske og anbefalte standardar

Ein obligatorisk standard skal følgast med mindre du fell inn under ei unntaksordning i forskrifta.

Anbefalte standardar skal nyttast med mindre du har ein god grunn til å la vere.

Val av standardar er gjort for å gi best mogleg støtte i alle typar produksjonsverktøy og nettlesarar. I nokre samanhengar kan det vere ein fordel å publisere på to format for å få best mogleg støtte i alle nettlesarar.

Krava er fordelte på dei ulike delområda nedanfor.

Generelt for alle delområde

Det er obligatorisk

å utforme multimediainnhald som skal publiserast på Internett i samsvar med WCAG 2.0 på minimum nivå A og AA. Unntak er suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, viss løysinga er underlagt Forskrift om universell utforming av ikt. Vi anbefaler derimot å tilfredsstille alle krava, inklusive AAA-krava. WCAG gir retningslinjer for tilgjengelegheit på nettsider.

Så langt det er mogleg, bør adressa direkte til lydfiler, videofiler og -straumar gjerast enkelt synleg i nettlesaren, slik at brukarar sjølv kan velje alternative avspelarar.

Gjer de informasjon tilgjengeleg på fleire format i parallell, anbefaler vi å gjere det tydeleg at filene inneheld same informasjon.

Tapsbasert komprimering:

Det er obligatorisk å publisere bilete (tapsbaserte) på offentlege nettsider i JPEG format.
De kan publisere i anna format i tillegg. I så fall anbefaler vi PNG formatet.

Tapsfri komprimering:

Det er obligatorisk å publisere bilete (tapsfrie) på offentlege nettsider i PNG format.
De kan publisere i anna format i tillegg. GIF v89a (W3C 1990) kan også brukast.

Tapsbasert komprimering:

Det er obligatorisk å publisere lyd (tapsbasert komprimering) på offentlege nettstader ved å bruke minst ein av følgande standardar:

  • Vorbis 1 (Xiph.org 2004) innkapsla i Ogg (RFC 3533, IETF 2003), eller
  • MP3 (ISO 11172-3:1993), utan innkapsling (elementærstraum)

Tapsfri komprimering:

Det er obligatorisk å publisere lyd (tapsfri komprimering) på offentlege nettsider ved å bruke FLAC 1.2.1 (Xiph.org 2007), og det skal kapslast inn i FLACs eige innkapslingsformat eller Ogg (RFC 3533, IETF 2003).

Det er obligatorisk å publisere video på offentlege nettstader i minst ein av følgande standardar:

  • Videosporet koda i Theora og lydsporet i Vorbis 1 innkapsla i Ogg eller
  • Videosporet koda i H.264 og lydsporet i AAC innkapsla i MP4.

Vi anbefaler å publisere skalerbar grafikk på offentlege nettsider ved bruk av SVG 1.1 Second edition (W3C 16. august 2011).

Vi anbefaler å publisere skalerbar grafikk på PNG-format i tillegg, sidan SVG 1.1. ikkje er støtta av alle vanlege nettlesarar.

Heimel

Krava er gjeldande for all ny publisering. Dei vart innførte 10.09.2013.

Tidlegare publisert multimedieinnhald på statlege nettsider skal tilfredsstille krava over per 1. januar 2014, mens kommunale nettsider skal tilfredsstille krava over innan 1. januar 2015.

Nye IKT-løysingar skal tilfredsstille dei obligatoriske krava til universell utforming innan 1. juli 2014. Alle eldre løysingar skal tilfredsstille krava innan 1. januar 2021.

Dei obligatoriske krava er heimla i forskriftene "Forskrift om IT-standarder i offentlig forvaltning" og "Forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologiske (IKT)-løsninger" (sjå under Aktuelle standardar).