Tiltaket er eit samarbeid mellom NAV og kommunane for å effektiviser hjelpemiddelforvaltninga og gjere det enklare og raskare for brukarane å få tildelt hjelpemiddel. Støtte: kr 41 000 000.
Med ein aldrande befolkning er det forventa eit auka behov for hjelpemiddel framover. Føremålet med tiltaket er å utvikle ein saumlaus digital plattform mellom partane som i varetek personvern og felles behov for dialog, innsyn, behovsmelding, vurdering, gjenbruk, utlån, sporing av hjelpemiddel og koordinering av service/reparasjon. Ein skal dermed få betre oversikt og flyt i hjelpemiddelforvaltninga.