Offentlege verksemder skal ikkje spørje brukarane på nytt om tilhøve dei allereie har gitt opplysningar om. Om data finnast hos ei anna verksemd, skal data hentast derifrå, gitt at det ligg føre eit rettsleg grunnlag.
Kvifor følgje?
"Kun ein gong" er ei av prioriteringane i IKT-politikken. Gjenbruk av informasjon bidrar til raskare og enklare saksgang for brukarane, og kan bidra til enklare prosessar der fleire offentlege verksemder må samhandle.