Det er to standardar ein kan velgje mellom når ein skal gjere video tilgjengeleg på offentlege nettsider. Standardane gjeld både video- og lydspor.
Video som skal gjerast tilgjengeleg på offentlege nettsider, skal nytte minst ein av følgjande standardar: a) videosporet koda i Theora 1.0 (xiph.org 2008) og lydsporet i Vorbis 1 (xiph.org 2004) innkapsla i Ogg (RFC 3533, IETF 2003); b) videosporet koda i H.264 (ISO/IEC 14496-10:2009) og lydsporet i AAC (ISO/IEC 13818-7:2003) innkapsla i MP4 (ISO/IEC 14496-14:2003)