Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 20. mars kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I neste møte har vi følgjande tema:

09:00 «Frå gule lappar til digital teneste for bustadsosialt arbeid (Kobo) – ei teneste som skal gje gevinstar til innbyggjarar, kommunar og staten»

Husbanken deler av erfaringane sine som leverandør av eit digitalt system for bustadsosialt arbeid til alle kommunar i Noreg. Kva utfordringar har me, og kva moglegheiter ser me?

Presentert av Marthe Kathrud, Husbanken

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 20.03.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!