Hopp til hovudinnhald

Vi får nye krav i Noreg om universell utforming av ikt, men arbeidet er forseinka på grunn av EFTA-prosessen. Fristane for oppfylling av nye krav vert utsett.

31. mars 2020

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Kulturdepartementet jobbar med nasjonal gjennomføring av EUs direktiv om universell utforming av nettstadar og mobilapplikasjonar i offentlege organ (WAD-direktivet).

På grunn av forseinkingar i EFTA-prosessen, trer reglane ikkje i kraft 1. juli 2020, som var foreslått i høyringa om forslaget til gjennomføring av EUs nye reglar om universell utforming av IKT frå sommaren 2019.

Les meir om dette i nyheitssaka som ligg på regjeringen.no, der du også kan lese spørsmål og svar.