Arkitektur- og standardiseringsrådet

Arkitektur- og standardiseringsrådet skal gi råd og anbefalingar til Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Arbeidet skal omfatte alle sider ved evna til å samhandla (interoperabilitet), det vil seie juridisk, organisatorisk, semantisk og teknisk samhandlingsevne, samt styring av dette.

Arkitektur- og standardiseringsrådet høyrer inn under Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

Arkitektur- og standardiseringsrådet har fire møte i året.

Føremål

Arkitektur- og standardiseringsrådet er eit rådgivande forum som skal bidra til at forvaltningsorgan (jf forvaltningslova §1) har naudsynt felles IT-arkitektur og IT-standardar, slik at det vert sikra god digital samhandling i og mellom forvaltningsorgan, offentleg sektor elles, privat sektor og innbyggarane.

Oppgåver

Rådet skal:

  • Anbefale prioriteringar om vidare arbeid på arkitektur- og standardiseringsområdet og gi innspel til behov for nye arkitekturprodukt og standardar
  • Gi råd om utpeiking av kompetansesenter, prosjekt og undergrupper for arbeid med arkitekturprodukt og standardar.
  • Vurdere og gi råd til Digdir om arkitekturprodukt og standardar
    • er klare for å sendast på høyring eller bør arbeidast meir med
    • bør gjerast obligatoriske, anbefalte eller til inspirasjon for offentlege verksemder,
    • bør fasast ut
    • bør gå fram av referansekatalogen, forskrift eller anna eigna stad
  • Halde seg orientert om viktige utviklingstrekk ved relevante arkitekturprodukt og IT-standardar nasjonalt og internasjonalt
  • Bidra med forslag til korleis arkitekturprodukt og IT-standardar skal verte kjende og tekne i bruk

Myndigheit

Arkitektur- og standardiseringsrådet har inga formell avgjerdsmyndigheit, men gir anbefalingar til Digitaliseringsdirektoratet.

Rådet skal primært vera proaktivt og utarbeide anbefalingar til Digdir om IT-standardar. Rådet skal foreslå for Digitaliseringsdirektoratet kva utgreiingar som bør gjennomførast. Rådet skal også gi anbefalingar på direkte bestilling frå Digitaliseringsdirektoratet.

Myndigheita til å avgjere at einskilde standardar skal få ein viss status (godkjend, anbefalt, ikkje anbefalt, osv.) ligg i Digitaliseringsdirektoratet. Digitaliseringsdirektoratet speler vidare opp ferdig høyrde forslag til KMD, som styrar prosessane med å vedta nye versjonar av forskrift om IT-standardar.

Arbeidsmåte

Rådet møtest normalt fire gonger per år. Rådet kan ved behov setje ned undergrupper som utarbeider underlag for rådet. Digdir har sekretariatsfunksjonen for rådet. Sekretariatet har det administrative ansvaret og skal koordinere aktivitetar.

Ressursar og finansiering

Deltakande verksemder og organisasjonar dekker sjølv eigne utgifter.

Arkitektur- og standardiseringsrådet består av følgande representantar:

  • Arkivverket - Bent Vangli (leiar av rådet)
  • Brønnøysundregistra - Geir Ørnulf Olsen
  • Digdir - Astri Verdal
  • Direktoratet for e-helse - Thomas Tveit Rosenlund
  • Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse - Heidi Joanne Bergh-Hoff
  • KS/KS - Geir Kristian Hansen
  • KS/Innlandet fylkeskommune- Magnus Rognstad Neby
  • KS/Bergen kommune - Jens Riis
  • KS/Oslo kommune - Eirik Broen
  • NAV - Håkon Røstad
  • Norstella - Jon Arve Risan
  • Skatteetaten - Endre Grøtnes
  • Standard Norge - Haakon Heyerdahl
  • Statens kartverk - Knut Sælid
  • Sekretariatet (Digdir) - Rune Karlsen
  • Sekretariatet (Digdir) - Elianne Eggum

Digitaliseringsdirektoratet peiker ut leiaren for rådet, og vil over tid også vurdere og eventuelt justere samansetninga av rådet.

Referansekatalogen er ei oversikt over IT-standardar som er anbefalte eller obligatoriske for offentleg sektor. IT-standardane kan vere tekniske, semantiske eller organisatoriske. Katalogen samlar tverrsektorielle krav til bruk av IT-standardar på ein stad, og lenker også til sektorspesifikke oversikter.

Krava i katalogen er gitt på bakgrunn av bruksområde, fordi ein standard kan ha ulik status på ulike bruksområde. Den set også anbefalte og obligatoriske krav i samanheng, noko som er avgjerande for å sjå heilskapen i krava.

Sjå lista over anbefalte og obligatoriske IT-standardar i offentleg sektor (Referansekatalogen)

Digitaliseringsdirektoratet ønsker størst mogleg involvering i arkitektur- og standardiseringsarbeidet og inviterer alle til å delta aktivt.

Send inn forslag til rådet

Forslag kan sendast til arkogstd@digdir.no

Kommenter på saker til behandling

Eit sentralt prinsipp i arkitektur- og standardiseringsarbeidet er openheit. Under forslag og utgreiingar kan derfor alle følge utviklinga i dei utgreiingane vi gjennomfører.

Vi legg ofte ut informasjon til kommentarar undervegs i utgreiingane og før arkitektur- og standardiseringsrådsmøta. I tillegg er det mogleg å gi kommentarar i høyringane før endeleg avgjersle. Openheit med påfølgande involvering fører til høgare kvalitet på anbefalingane og avgjerslene. Vi oppfordrar deg derfor til å følge med på arbeidet som vert gjort og bidra til betre resultat.