Viktige hendingar i 2020

Januar

  • Difi, Altinn og delar av fagmiljøet for informasjonsforvaltning frå Brønnøysundregistra slås saman til Digitaliseringsdirektoratet.
  • Nye arkitekturprinsipp for offentleg sektor blir innført. Dei skal bidra til auka samhandling og samhandlingsevne. Skal Noreg lykkast med å nå måla om ein enklare kvardag for folk flest og ein meir effektiv offentleg sektor må, vi samarbeide meir på tvers.
  • Digdir og KMD fortel at over 200 millionar elektroniske skjema er blitt sendt inn via Altinn sidan starten i 2003. 300 millionar meldingar er sendt innboksen til brukarane i same periode. – Dette er formidable tall som betyr en enklere hverdag og store innsparinger, både for brukerne og for det offentlige, uttalte digitaliseringsminister Nikolai Astrup.

Februar

  • Digdir melder om kraftig vekst i bruk av digitale fellesløysingar i 2019. Antall tenester og verksemder som nyttar Digitaliseringsdirektoratets fellesløysingane auka med 66 prosent i 2019. Berre i løpet av 2019 auka antal tenester som nyttar ID-porten med 77 prosent.
  • Verksemdene som har fått ansvar for dei sju livhshendingane i digitaliseringsstrategien møtast for første gong, hos Digdir i Oslo. Målet med samlingaer å rette søkelyset mot viktigheita av samarbeid på tvers og kva som skal til for å lukkast med å utvikle tenester som brukarane opplever som samanhengande.

  • Digdir, Nasjonal sikkerheitsmyndigheit og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring lanserer saman ein ny mini-rettleiar for å betre oppfølginga av informasjonssikkerheit i styringsdialogen mellom departementa og underliggande verksemder.

  • Altinn får German Design Award. Prisen vert kvart år delt ut til gode designprosjekt frå heile Europa.

Mars

  • Digdir innfører heimekontor for alle medarbeidarar som kan, som ein følgje av koronapandemien
  • Digitaliseringsrådet får nytt mandat frå KMD. Samtidig blir to nye rådsmedlemmer utnemnt. Digitaliseringsrådet skal hjelpe statlege verksemder å lukkast med endringsprosessar der digitalisering utgjer ein viktig del. Det er verksemdene sjølv som tek kontakt når dei ønsker en dialog med rådet. Det nye mandatet skal ha større merksemd på heile endringsprosessen ved digitalisering.
  • Samanslåinga av kompetanse hos tidlegare Difi og Altinn resulterer i ny og viktig funksjonalitet som effektiviserer deling av data mellom verksemder. Fagmiljøa bak Altinn autorisasjon og Maskinporten har utvikla ei løysing som gjer det mogleg for verksemder å delegere rettar til sine underleverandørar for å utføre bestemte oppgåver. Det betrar datatryggleiken, sidan eit verksemdssertifikat ofte gir for vide rettar til å opptre på vegner av verksemda. I praksis betyr det at ei verksemd, til dømes ein etat, kan delegere bestemte rettar og tilgangar til ein leverandør som brukar Maskinporten utan å måtte gi leverandøren tilgang til etaten sitt verksemdssertifikat.
  • Digdir lanserer ny visjon og nye verdiar.

April

  • Vi leverer første del av ei ny og moderne plattform som våre samarbeidspartnarar kan bygge tenesterpå: Altinn 3. Den nye plattforma gir tenesteeigarane moglegheit til å utvikle moderne applikasjonar på ein skalerbar og framtidsretta infrastruktur.
  • På rekordtid får Digdir, etter førespurnad frå NAV, på plass ein ny elektronisk ID som gjer at EØS-borgarar som er koronapermittert frå jobb i Noreg kan logge seg på frå sitt heimland og søke om dagpengar. «MinID Passport» er basert på maskinlesing av pass, ansiktsgjenkjenning og autentisering på ein måte som ikkje er gjort tidlegare.
  • Kompensasjonsordninga for næringslivet, utvikla på rekordtid i samarbeid mellom Digdir, Skatteeaten og Finans Norge blir lansert. Ordninga nyttar ID-porten til sikker innlogging og Altinn si autorisasjonsløysing, slik at personar med rett rolle i bedriftene kan sende inn og signere søknadane. Svaret på søknaden vart så sendt til verksemdenes sin meldingsboks i Altinn.

Mai

  • Åtte innovasjonsprosjekt får støtte frå StimuLab til brukarorientert nyskaping i forvaltninga gjennom bruk av tenestedesign, testing og eksperimentering. I 2020 tildelinga prioriterte vi i særleg prosjekt som er ein del av digitaliseringsstrategiens arbeid med dei sju livshendingane.
  • To nasjonale løysingar for deling av data, data.norge.no og Felles datakatalog, vert slått saman. Det gjer det enklare å lage brukarvennlege tenester og bidra til verdiskaping for næringslivet. Målet med samanslåinga er å gjere det enklare å oppdage, vurdere og ta i bruk data frå offentlege og private verksemder.
  • Digdir og Språkrådet lanserer saman eit e-læringskurs i omgreps- og terminologiarbeid. Kurset gir ei enkel innføring i omgrepsanalyse, definisjonsskriving og termdanning og termval.

Juni

  • Medfinansieringsordninga gir åtte ulike digitaliseringsprosjekt til saman 150 millionar kroner. Prosjekta skal mellom anna levere enklare digital oversikt over kva legemiddel pasientar brukar, gjere det enklare å opprette aksjeselskap og gjennomføre oppgjer etter dødsfall mogleg digitalt. I andre halvår fekk ytterlegare to prosjekt tildelt dei resterande midla.
  • Handlingsplanen for regjeringas digitaliseringsstrategi vert lagt fram. Handlingsplanen er utarbeidd av Digdir, KS, enkelte departement og store verksemder i statleg og kommunal sektor som er med i samarbeidsrådet Skate. Status på initiativa i handlingsplanen skal oppdaterast kvart halvår.

August

  • Digitaliseringskonferansen 2020 går av stabelen, for første gong som heildigital konferanse, med 1831 deltakarar. Tema: «Krisa som sette fart på wbdigitaliseringa»

September

  • Nasjonalt ressurssenter for deling av data opnar, med besøk frå distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.
  • Årets utgåve av «Brukarrådet for fellesløysingane» er eit heildigitalt arrangement over to dagar, med 1878 deltakarar. Hovudtema er «Tillit og innsyn».
  • I ei spørjeundersøking svarer næringslivsleiarar at bruken av Altinn sparer bedriftene for så mykje tid at innsparinga tilsvarer over 15 milliardar kroner per år.

Oktober

  • Digitaliseringsrådet lanserer ein ny erfaringsrapport. Dei oppmodar mellom anna til ikkje berre å tenkje på brukarane, men også tenke som dei.
  • Stimulab oppsummerer sine beste råd og erfaringar frå perioden 2016-2020 i rapporten «Brukerorientert offentlig innovasjon – råd og erfaringer fra frontlinjen».
  • I forslaget til statsbudsjett gir regjeringa grønt lys for å starte arbeidet med Datafabrikken. Digdir samarbeider tett med DigitalNorway om å opprette fabrikken. Datafabrikken skal gjere det enklare for små og mellomstore bedrifter å dele og bruke data og auke verdiskapinga.
  • Det oppstår ein alvorleg påloggingsfeil i ID-porten. Ein del av brukarane som logga på ei offentleg teneste ein viss periode om kvelden 1. oktober vart logga inn som ein annan person. Feilen vart retta raskt, og feilsituasjonen vart grundig evaluert i etterkant.
  • Vi får ny visuell profil og ny logo, og tek i bruk kortforma Digdir etter at vi vart Digitaliseringsdirektoratet

November

  • Vi lanserer ein ny rettleiar for roller og ansvar ved deling av opplysningar. Den nye rettleiaren, som er laga av Nasjonalt ressurssenter for deling av data, er til hjelp når ein skal dele teiepliktige opplysningar i offentleg sektor eller mellom offentlege og private verksemder.
  • Tilsynet for universell utforming av ikt avdekker feil i søknadsskjemaet om foreldrepengar på Nav sin nettstad. Det vart avdekka tre avvik som gjeld skjema, koding og navigasjon. Nav jobbar med retting.

Desember

  • Tilsynet for universell utforming av ikt avdekker feil i skattemeldinga. Tilsynet testa lesing, utfylling og innlevering, og det vart avdekka to avvik. Skatteetaten jobbar med retting.